Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Minigrammatikk

Songsvane i flogDenne minigrammatikken vender seg særleg til dei som har bokmål som hovudmål. Derfor har vi lagt vekt på det som skil nynorsk frå bokmål.

For at grammatikken skal vere så enkel som råd, tek han utgangspunkt i hovudformene i nynorsk, dvs. læreboknormalen.

  

Hovudformer og sideformer

 

Læreboknormalen skal nyttast i lærebøker og i staten. Elevane i grunnskulen og i den vidaregåande skulen kan også bruke sideformer. I nokre høve kan det vere enklare for elevane å nytte somme sideformer enn hovudformer, fordi det da blir færre unntaksreglar å halde greie på. I slike tilfelle er sideformene nemnde.

Unntak som berre gjeld læreboknormalen, er i kurset merkte med symbolet #.

Elevar som ønskjer å bruke sideformer, kan altså sjå bort frå unntak merkte med #.

I ordbøker og ordlister står sideformene i hakeparentes [ ]. Døme: gjere, gjer, gjorde, gjort [gjøre gjør, gjorde, gjort]

  

Øvingane

 

Sjølv om grammatikken tek utgangspunkt i hovudformene, vil du i øvingane som regel likevel få rett også når du nyttar bøyingsformer som er vanlege sideformer.

 

Foto © Tom Schandy / NN / Samfoto

Utviklet av Gazette