Felles nordisk språkpolitikk

Dei nordiske landa har blitt samde om to felles språkpolitiske dokument: Den nordiske språkdeklarasjonen og den nordiske språkkonvensjonen.

Den nordiske språkdeklarasjonen

Bakgrunnen for den første deklarasjonen om nordisk språkpolitikk er behovet for ein ny nordisk språkpolitikk som skal tryggje heilskapen og samanhengen i Nordisk ministerråds språksatsingar.

Den nordiske språkkonvensjonen

Ein nordisk statsborgar skal, når det trengst, kunna bruka morsmålet sitt i kontakt med styresmakter i eit anna nordisk land. Denne retten er slått fast i den nordiske språkkonvensjonen frå 1987. Ein ny nordisk språkkonvensjon blir no laga (2009).

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.06.2008 | Oppdatert:15.01.2021