Namn på private organisasjonar

Gjeld det reglar for namn på private organisasjonar?

Private organisasjonar er ikkje pålagde å ha både bokmåls- og nynorsknamn. Dei står fritt til å velja namn på anten bokmål eller nynorsk, eller begge delar. Dersom organisasjonen har eit nynorsknamn, skal ein nytta det i nynorsktekstar, men dersom organisasjonen berre har bokmålsnamn, skal ein ikkje setja det om til nynorsk. Eit døme er namnet Norges Rederiforbund, som du kan nytta i både bokmåls- og nynorsktekstar.

Namn på utanlandske og internasjonale institusjonar

Utanlandske og internasjonale institusjonar som vi omtalar med ei norsk nemning, skal ha nynorsknamn i nynorske tekstar:

  • FNs sikkerhetsråd > Tryggingsrådet i SN/FN
  • Den europeiske union > Den europeiske unionen

Dei sameinte nasjonane (SN) er nynorsknamnet til De forente nasjoner (FN). I ein lengre tekst, der ein har høve til å skriva ut heile organisasjonsnamnet og forkortinga første gongen ein nemner organisasjonen, bør ein nytta nynorsknamnet. Men i korte tekstar der berre forkortinga skal med, kan det vera greitt å nytta den meir kjende bokmålsforkortinga FN.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.08.2012 | Oppdatert:27.04.2022