Tenestemål

Regionale og lokale statsorgan har berre ein del av landet som tenestekrins.

  • Regionale statsorgan har ein tenestekrins som femner om meir enn éin kommune, men mindre enn heile landet.
  • Lokale statsorgan har ein tenestekrins som femnar om éin kommune eller ein del av ein kommune.

Regionale og lokale statsorgan kan ha tenestemål, eller dei kan vere språkleg nøytrale.

Tenestemål

Tenestemålet til eit lokalt statsorgan er det skriftspråket vertskommunen har gjort vedtak om etter § 11 i lova. Er vertskommunen språkleg nøytral, er også det lokale statsorganet språkleg nøytralt.

Tenestemålet til eit regionalt statsorgan er fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Er det inkje fleirtalsspråk i tenestekrinsen, er det regionale statsorganet språkleg nøytralt.

Fleirtalsspråk

Fleirtalsspråk er det skriftspråket som over halvparten av kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om etter § 11 i lova. Det er inkje fleirtalsspråk dersom meir enn halvparten av kommunane er språkleg nøytrale eller det er like mange bokmåls- som nynorskkommunar.

Dersom tenestekrinsen berre har to kommunar og den eine av dei er språkleg nøytral, er «fleirtalsspråket» det skriftspråket den andre kommunen har gjort vedtak om.

Språklova § 11

Språklova § 11 har denne ordlyden:

«Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.»

Kommunar og fylkeskommunar skal melde frå til Språkrådet om språkvedtak etter første ledd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.06.2004 | Oppdatert:03.06.2022