Opplæringslova

Opplæringslova handlar om rettar og plikter knytte til opplæring og skulegang i Noreg. Fleire av kapitla i lova handlar om språkopplæring.

Her er eit oversyn over dei viktigaste reglane som gjeld nynorsk og bokmål i opplæringa:

  1. Kommunen avgjer om opplæringsmålet i skulane skal vere bokmål eller nynorsk. Dersom det er fleire enn ti elevar på eit årstrinn som ønskjer eit anna opplæringsmål, skal skulen tilby ein eigen klasse for desse elevane.
  2. Foreldra kan velje målform i lærebøkene til og med 7. årstrinnet, men i norskfaget må elevane ha bøker på det som er hovudmålet på skulen. Frå og med 8. årstrinnet kan elevane velje skriftleg hovudmålform sjølve.
  3. Elevar som byter skule mellom 1. og 4. årstrinnet, har rett til å halde fram med opplæringsmålet dei har hatt.
  4. Når minst ein fjerdedel av dei med røysterett i kommunen, eller eit fleirtal i kommunestyret, krev det, skal kommunen halde rådgjevande folkerøysting om opplæringsmålet ved ein skule.
  5. Dei to siste åra av grunnskulen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Somme elevar kan få fritak for vurdering i sidemål.
  6. Elevar har rett til læremiddel på eige opplæringsmål. Lærebøkene skal liggje føre til same tid og pris på begge målformene.

Desse reglane finn du hovudsakleg i § 2-5: ”Målformer i grunnskolen”. Ei forskrift til lova tek føre seg Retten til læremiddel på eiga målform.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.06.2008 | Oppdatert:31.10.2022