Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Revisjon av nynorskrettskrivinga

På veg mot ei ny rettskriving

Her vil rettskrivingsnemnda publisere grunnlagsdokument, referat, innkomne framlegg, aktuelle problemstillingar og vedtak slik at alle interesserte kan følgje oss på vegen fram mot ei enklare rettskriving for nynorsk. Vi tek imot store og små innlegg med synspunkt og forslag gjennom diskusjonsforumet vårt eller på e-postadressa nynonemnd(a)sprakradet.no. Vi lovar ikkje å svare på alle innspel, men vi lovar å ta alle innspel med i vurderingane våre.

 

Nyheiter

Skuleelev. Foto: Scanpix | Adam Haglund

Nye vedtak frå rettskrivingsnemnda
(31.8.10) Ei rekkje verb som i dag har obligatorisk j, som t.d.  bølgje, følgje, ønskje og sørgje,  skal og kunne skrivast utan j i den nye rettskrivinga. Vekedagane skal skrivast som i dag. Dette er to av  dei vedtaka nemnda gjorde på møte 18. august.  Nemnda diskuterte og om ord som dialekt skal få valfritt hankjønn eller hokjønn, utan å gjere vedtak.

Varsel om høyring: revisjon av nynorskrettskrivinga
(16.8.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal lage ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Målet er å etablere ei norm som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

og no, eller berre no?
(4.8.10) Rettskrivingsnemnda vil gjerne høyra kva folk meiner om orda som er lista opp nedanfor. Bør nemnda gå for ei form (i så fall den siste ved kvart alternativ), eller bør me behalda båe former?

I-målet ut av rettskrivinga?
(29.6.10) Rettskrivingsnemnda har samrøystes gått inn for at i-målet (døme: soli, husi) skal takast ut av nynorsk rettskriving. Samstundes har nemnda gått inn for at det ikkje lenger skal vera mogleg å skriva bare og og mye i nynorsk. Desse og andre vedtak kan du lesa om i referatet frå nemndmøtet 8.–9. juni.

Inviterer til nettdebatt om nynorskrettskriving
(29.4.10) Vi lanserer diskusjonsforumet Nynorsk 2011 der alle interesserte kan fortelje kva for ønske dei har til den komande rettskrivinga for nynorsk. – Vi vil ha innspel frå brukarane, seier Grete Riise, leiar i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk.

Y eller ø?
(24.3.10) Rettskrivingsnemnda har kome med det første førebelse vedtaket når det gjeld skrivemåte. Denne gongen var det bruken av y og ø i ein del ord. Kortversjonen er at det alltid skal kunne brukast ø, men at y vert ståande som jamstelt form i mykje brukte ord som til dømes fylgje, fyrst, syster og sysken. Heile vedtaket kan du lese i referatet frå nemndsmøtet 16.3.2010.

Interessert i nynorsk rettskriving?
(9.3.10) Rettskrivingsnemnda for nynorsk har no fått eiga nettside hjå Språkrådet. Her kan du lese om bakgrunnen for vedtaket om ny rettskriving og sende eigne synspunkt og framlegg direkte til nemnda. Vidare kan du lese om nemnda og mandatet ho har fått, og du kan etter kvart følgje arbeidet i nemnda gjennom sakspapir og referat.

Nynorskrettskrivinga skal bli enklare
(5.1.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.

 

 


Om sida

 

Denne sida gjeld arbeidet med å revidere nynorskrettskrivinga. Den nye norma skal erstatte dagens norm. Arbeidet skal vere ferdig frå Språkrådet si side 15. mai 2011. 

 

Sida vert redigert av nemnda som skal lage framlegget til ny rettskriving. Leiaren for nemnda er Grete Riise. Nemnda har e-postadresse nynonemnd(a)sprakradet.no.

Korleis vil du at nynorsken skal vere?

 

Ei ny rettskriving for nynorsk er under arbeid. I diskusjonsforumet Nynorsk 2011 kan du ta del i ordskiftet om den nye rettskrivinga.

  

 

 

Nyheitsvarsling om rettskrivingsarbeidet

 

Abonner på nyheitsvarslinga («RSS-feed») og få beskjed når vi legg ut nyheiter her. 
Kva er nyheitsvarsling?

 

Utviklet av Gazette