Temanummer om Ivar Aasen

Ivar Aasen-portrett: Ludvig Eikaas 1996
Redaktørar: Dag Gundersen og Kjell Venås.
Redaksjonssekretær: Åsta Norheim.
Signerte artiklar står for forfattaren sitt syn.
ISSN 0806-2870 (elektronisk utgåve).
ISSN 0333-3825 (prenta utgåve).
Dei fleste kjenner truleg til at året 1996 skal vera vigt til minnet åt Ivar Aasen, og at det i den samanhengen skal kallast Ivar Aasen-året. Høvet er at det er 100 år sidan den store målgranskaren og målreisaren døydde. Tiltaket er offisielt for så vidt som det har fått stønad, moralsk og økonomisk, av Kulturdepartementet. Norsk språkråd høyrer inn under dette departementet.
Då Norsk språkråd saman med andre institusjonar vart oppmoda av Kulturdepartementet om å markere Ivar Aasen-året på høveleg vis, gjorde styret straks vedtak om å følgje oppmodinga. Det viktigaste tiltaket med det føremålet hadde då alt vore framme i styret, og var drøft av oss som steller med Språknytt. Det var å gje ut eit temanummer om Ivar Aasen og verket hans. Redaksjonen tykte det var naturleg å opne året med det. Dette er bakgrunnen for det særskilde ved Språknytt denne gongen.
Redaksjonen tok til å planleggje emne og tenkje på mogelege forfattarar til dette nummeret sommaren 1995. Vi vende oss til nokså mange og bad dei skrive om noko vi gjerne ville ta opp. Dei som såg seg syn til å skrive, har alle levert tilskot vi gjerne ville prente. Vi kjenner oss støe på at lesarane våre også vil tykkje mon i det vi kan by fram.
Ivar Aasen var sterkt imot at det skulle gjerast krus på han sjølv. Det var norsk mål som alltid låg han på hjarta. Men det skulle vera råd å stette båe omsyna på same tid, og det er tanken at dette heftet skal gjera det. Vi vil fremja kunnskapen om norsk mål ved å kaste ljos over Ivar Aasen og det han gjorde. Ved det heidrar vi også minnet hans.
Kjell Venås
Av Kjell Venås
Vi skriv 1996, og når vi kjem til 23. september dette året, er eit hundreår gått sidan den åttitreårgamle Ivar Aasen døydde stilt på hybelen sin i Holbergs gate 23 i Kristiania. Mange minneord om han i dagane etter og ved gravferda frå kapellet på Vår Frelsars gravlund 29.9. synte at Aasen vart sett høgt for vitskapsverket og språkarbeidet sitt, og at han av alle lag i folket vart møtt med godhug og kjærleik for det han var som menneske og som diktar. Likevel var det arbeidet hans med norsk mål som sette skil i soga, og som no har gjeve grunn til å minnast han og til å kalle året 1996 med namnet hans.
I innleiinga til ei bok om landsmål og andre mål i landet, som kom ut i 1896, skreiv ein av dei hardaste språkpolitiske motmennene til Aasen, professor Johan Storm:
Under Trykningen af denne Bog er den store Mester Ivar Aasen afgaaet ved Døden, 83 Aar gammel. Ved hans Død erkjendes det af alle Partier, at en stor Mand her er vandret bort, en Mand af grundlæggende Betydning for det norske Folk. Ivar Aasen var stor i alt hvad han gjorde. Også hans Landsmaal var et storslagent Experiment, stort tænkt og skjønt formet. Selv om det ikke kan naa frem til almen Gyldighed, saa skal det dog staa for os som et Ideal, et Mærke, der skal vise os, hvad der er norsk.
Vi skal her sjå attende på livsvegen og arbeidet åt Ivar Aasen, med tanke på å skjøna kva som gjorde at ein bondegut frå ein småkårsheim på Sunnmøre kunne få ein slik posisjon i Noreg på 1800-talet at ord som dei Storm og andre skreiv ved avferda hans, kunne kjennast rettkomne.
Heimegrunnen
Ivar Aasen vart fødd på ein liten gard i Hovdebygda i Ørsta 5. august 1813. Han var den yngste av åtte sysken og kom til verda sju år etter den nest yngste. Han miste mor si då han var tre år gammal, og far sin då han var 13. Før mora døydde, var ho mykje oppteken av at vesleguten måtte få lære å lesa; det var ikkje alle som gjorde det den tida. Det skulle syne seg at ho hadde hatt liten grunn til uro. Ivar lærde helst å lesa av seg sjølv, for det fanst ein bibel og nokre andaktsbøker i heimen. Han kom også på skule, ti dagar i året. Guten var liten av vokster, men hadde gode evner, og ved konfirmasjonen fekk han stå øvst på kyrkjegolvet. Men han stod der i ei lånt trøye, som var reint for stor åt han.
Arbeid og vokster
Då Ivar var 18 år gammal, vart han etter søknad omgangsskulelærar i heimbygda, etter at presten i Volda hadde prøvt han både i kunnskap og rett tru. Han var lærar i to år (1831–33). Då kom han i lære hjå prost Thoresen i Herøy og var der i to år (1833–35). Av prosten fekk han ei grunnskuling i latin og andre fag, ja, også i tale- og diktekunst. Prost Thoresen baud seg til å hjelpe han vidare på skule, men Ivar Aasen ville ikkje ta imot noka hjelp. I staden ville han sjå kor langt han kunne drive det ved å lesa og lære på eiga hand. Han meinte at han på den måten ville stå nærare bondestanden, som han ville tene og arbeide for med kunnskapane han vann seg. For det fyrste fekk han ei ny stilling, då han kom til herregarden Solnør, tre mil frå Ålesund. Der skulle han vera huslærar for dei seks borna åt kaptein Ludvig Daae og kona Barbara, som åtte garden.
Ivar Aasen var på Solnør i sju år (1835–42). Han nytta alle ledige stunder til å lesa og studere. Det var særleg to læreemne han likte å arbeide med, og som han derfor samla seg om i dei private studia sine; det var botanikk og grammatikk. Sommaren 1840 tok han med seg ei plantesamling han hadde laga, og drog til den plantekunnige prosten Deinboll på Molde. Det kom ikkje noko anna ut av turen enn at Aasen såg han var på rett veg i botanikken. Sommaren etter drog han til Bergen for å treffe kunnige folk der. Det var særleg biskopen i byen, Jacob Neumann, han fekk i tale. Plantesamlinga han hadde med seg, brydde Neumann seg lite om. Derimot vart han svært oppglødd av å sjå ein grammatikk Aasen hadde skrive over sunnmørsmålet. Neumann fekk Aasen til å skrive ein stutt sjølvbiografi, og den lét han prente i avisene saman med eit stykke der han sjølv skreiv om den merkelege, sjølvlærde bondeguten frå Sunnmøre. Han tala og skreiv om Ivar Aasen til rektor F.M. Bugge i Trondheim. Bugge var leiar for Vitskapsselskapet der i byen og fekk det til å løyve pengar til Aasen, slik at han kunne ta ut og granske bygdemåla på Vestlandet. Eit studium av norske bygdemål var noko som høvde godt med nasjonalromantiske tankar i tida.
På langferd for norsk folkemål
Den 29. september 1842 sette Ivar Aasen over Voldsfjorden frå Ekset. Han skulle ut på vandring for å lære å kjenne dei norske målføra, for det fyrste vestlandsmål. På denne ferda slo han seg ned nokså lenge på sentrale stader og studerte talemålet der grundig. Andre stader fór han lettare over, for det var ikkje råd å koma til kvar avkrok og heller ikkje turvande. Grunnlaget for arbeidet var samlingane han hadde med seg frå Sunnmøre. I Trondheim var det gjort vedtak om at Aasen skulle få løn i to år og arbeide på Vestlandet i den tida. Den fyrste vinteren var han i Sogn, lengste tida i Sogndal. Etter Sogn kom Nordhordland. Der måtte han vera mykje lenger enn han ynskte, i heile ni månader, fordi oppdragsgjevarane somla med å sende pengar. Etter dei to åra som var sette av til Vestlandet, vart det vedteke at han òg skulle fara over Sørlandet og Austlandet.
På kvar stad han slo seg ned, spurde Aasen seg fram til folk som hadde ord for kunnskap og daning. Dei som var viljuge og hadde stunder, spurde han så ut om talemålet i bygda, gjerne ut frå lister han hadde sett opp føreåt. Han skreiv opp ord og bøyingar av orda og tok òg med korleis orda vart brukte samanhangande i tala. Også anna folkeleg kulturstoff skreiv han opp, såleis ordtak. Ved sida av innsamlingsarbeidet dreiv han med å laga førebuande oversyn og utgreiingar for å planleggje og systematisere tilfanget sitt, slik at det ein gong kunne bli til kunnskap for alle. Det vart etter kvart mengder av hefte og notatbøker å halde orden på.
Etter å ha brukt det meste av det siste året til austnorsk, med standkvarter i Seljord, Nes i Hallingdal, Slidre i Valdres og Sel i Gudbrandsdalen kom Aasen i november 1845 til Trondheim. Der slo han seg ned om vinteren, med han arbeidde med samlingane sine og det han kunne dra ut av dei. I ein ny runde frå mai til fram mot jul 1846 fór han over Trøndelag, Nordmøre og Helgeland. Så var han atter i Trondheim til han drog til hovudstaden i september 1847. Med unntak av eit år heime i Ørsta vart han buande i Kristiania resten av livet. Det var ikkje lett å koma fram bygdemellom den gongen. Aasen gjekk nokså mykje og hadde elles heste- eller båtskyss når det høvde. I Trondheim rekna han saman og fann at han hadde fare 403 mil. Då Aasen seinare fekk fast løn til å føre arbeidet vidare, heldt han fram med innsamlingsferder i bygdene mest kvart år heilt til 1868.
Språksituasjonen i Noreg etter 1814
' Av di Aasen hadde arbeidt med stoffet på ferda, og av di han hadde ei mest utruleg stor arbeidsevne og ein klår tanke, fekk han snøgt ferdig eit resultat av granskingane sine, som han la fram i to bøker. I 1848 gav han ut Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 Ordbog over det norske Folkesprog.
"Folkesprog" – det var eit anna ord for dialektane eller målføra. Den fremste autoriteten på språk og soge den gongen, den lærde historikaren P.A. Munch, roste både grammatikken og ordboka mykje i utførlege meldingar. Aasen tok rosen frå Munch og andre med stor ro. Han hadde planar om meir gransking og fleire bøker. Med dei to bøkene som var komne, hadde han berre lagt til rette eit grunnlag for det som måtte bli det neste steget. Det var å setja opp ei eiga skriftmålsform bygd på det han kunne få ut av dei sams draga i dei norske målføra. I hans eigen hug var det alltid ei drivande kraft under arbeidet med innsamling og skriving at det skulle tene til å fylle eit tomrom på språkarenaen i det frie Noreg.
Då Noreg vart løyst frå det 434 år lange sambandet med Danmark i 1814, hadde landet ikkje noko eige skriftspråk. Dei som skreiv, hadde lært dansk og brukte det. Men mange kjende på at det var uheldig og sårt og nærast naturstridig at Noreg som sjølvstendig stat ikkje hadde noko anna skriftspråk enn dansk. I 1830-åra vart det tenkt ut to ulike måtar som kan hende kunne nyttast for å skaffe landet eit eige skriftspråk. Henrik Wergeland og fleire med han meinte det rette ville vera å byggje ut og fornorske det danske skriftspråket med hjelp av tilsig, særleg av nye ord, frå dialektane i landet. P.A. Munch, som elles meinte vi skulle halde hardt fast på det danske språket og ikkje skjemme det ut med å prøve å gjera det norsk, kasta som ein strøtanke fram at det kan hende kunne lagast eit nytt skriftspråk ved å byggje på ein god dialekt og på gammalnorsk.
Etter å ha lese stykka av Munch og Wergeland tok også Ivar Aasen alt i 1836, som 22-åring, opp spørsmålet om skriftspråksstoda i landet. Det var i eit stykke på nokre få sider som han skreiv for sin eigen del mest som ei tankeøving. Stykket vart heller ikkje prenta før i 1909. Både av nasjonale og av sosiale og demokratiske grunnar meinte han det var mykje om å gjera å få fram eit eige norsk skriftmål. Det måtte byggje på det heimlege og overleverte talemålet. Det fyrste steget i arbeidet måtte vera å få samla inn språktilfang frå dialektane. På det grunnlaget og med rettleiing av gammalnorsk skulle kunnige folk setja opp forma på det nye skriftmålet. Då Aasen kasta fram denne tanken, hadde han rett nok ikkje meint at det skulle bli slik som det no røynleg hadde vorte, at det var han sjølv som både stod for samlearbeidet, og som etterpå kom til å laga ein skriftnormal.
Folkemålet blir til landsmål
Alt då han var på den lange innsamlingsferda si (1842–46) gjorde Aasen seg tankar om korleis eit skriftmål bygt på norsk talemål skulle sjå ut. Det fyrste heilskaplege utkastet la han fram i ei bok som kom ut i 1853: Prøver af Landsmaalet i Norge. Nemninga "Landsmaalet" stod her nett for det nye skriftmålet, eit mål for landet bygt på målet i landet. I den fyrste delen av boka let han prente ei samling med prøver på ulike talemål frå alle kantar av landet, 20 dialektar i alt. I den andre delen hadde han stelt til ei rad målprøver skrivne av han sjølv etter ei fast norm eller ein normal som Aasen mødesamt hadde prøvt seg fram til. Det var eit vanskeleg arbeid å laga eit sams skriftmål som skulle dekkje så mange ulike talemål. Det lét seg gjera fordi dei kom frå ei sams kjelde, målet i landet for mange hundreår sidan. Aasen løyste oppgåva ved å leggje nokre særmerkte dialektar til grunn og å jamføre det sams mønsteret som han drog ut av dei, med gammalnorsk. I føreordet til boka Prøver skreiv han at landsmålet han hadde sett opp, likna mest på målet i Hardanger, Voss og Sogn, men at det også hadde innslag frå mange andre dialektar.
Grammatikken og ordboka frå 1848 og 1850 gav oversyn over språktilfanget i dialektane. Men Aasen tok med ein gong til å gjera tillegg til bøkene, og han tenkte på nye utgåver. Etter kvart såg han det som eit stort lyte ved dei fyrste bøkene at dei ikkje baud på ei fast norm, slik at dei kunne fortelja korleis ein skulle skrive på grunnlag av norsk talemål. Med Prøver af Landsmaalet hadde han nok laga ei ramme for det nye skriftmålet, men det måtte framstellast utførleg og heilskapleg i vitskapleg gyldige bøker. Frå slutten av 1850-åra tok Aasen til å arbeide med det, som vart den neste store oppgåva han sette seg føre å løyse. Han bygde på tilfanget i dei fyrste bøkene og på nye samlingar han hadde skaffa seg etterpå. Ut frå alt dette arbeidde han ut ein ny grammatikk og ei ny ordbok. Dei var mykje større enn dei fyrste, men den avgjerande skilnaden i høve til dei fyrste bøkene var at dei nye sette opp ei fast norm for skrivemåten og bøyinga av eit skriftmål bygt på norsk tale. Det markerte Aasen med tittelen han gav bøkene: Det var ikkje lenger tale om ein grammatikk og ei ordbok over noko folkemål. Etter lange og harde arbeidsår med kvar bok gav han denne gongen ut Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873). Dei vart grunnlagsdokumenta for landsmålet og for nynorsk.
Aasen var ein sann meister til å prøve seg fram med mogelege former av ulike slag og å få til eit skriftmønster der dei ymse delane høvde godt saman. Han måta formene til etter kvarandre som om han stelte med ein fin maskin, der kvar liten del har noko å seia for at heilskapen verkar og verkar godt. Språkvitskapsfolk som har studert det fine instrumentet etterpå, har vore opp i under over dugleiken hans til å hamre ut eit skriftspråk på det grunnlaget som skulle gjelde, norsk talemål overlevert frå gammalnorsk i dialektar over heile landet. At arbeidet var så grundig og vel gjennomtenkt, vil likevel ikkje seia at det ikkje kunne reisast kritikk mot løysinga åt Aasen, eller at det ikkje kom kritikk. Motlegg kom det frå fyrste stund, og det har vore usemje om norma, skrivemåten og grammatikken om lag frå Aasen sette alt dette opp, og fram til i dag.
Fleire meiningar om norma
Aasen døydde for hundre år sidan. Då hadde det gått noko meir enn eit halvt hundreår sidan han tok ut på den granskingsferda som det heile tok til med, og det var noko over førti år sidan han la fram den fyrste normalen for landsmålet – eller nynorsk, som målet har heitt etter at det fekk det noverande namnet ved lovvedtak av Stortinget i 1929.
Alt den fyrste viktige nynorskbrukaren etter Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, prøvde seg fram med andre skrivemåtar enn dei Aasen hadde sett opp. Som den velkjende Drammens-korrespondenten skreiv Vinje avismelding om Prøver af Landsmaalet nokre dagar etter boka kom ut, og alt der hadde han kritiske synspunkt til nokre skrivemåtar Aasen hadde valt, endå han sa seg samd i hovuddraga og roste arbeidet mykje.
Seinare kom andre til, som ville skrive målet annleis på dei og dei måtane. Aasen sjølv var inderleg misnøgd med at dei ikkje følgde hans veg i eitt og alt, og han kalla dei mest hardnakka av dei som sarva med landsmålet hans, for Fuskere eller Folk som vilja øydeleggja heile Verket . Han meinte at om andre hadde granska saka like grundig som han sjølv, ville dei ha sett at løysinga hans var den rette, og eigenleg den einaste som kunne koma på tale.
I 1885 kom det ut eit viktig verk i normeringstradisjonen åt landsmålet: Garborg og Mortenson-Egnunds lesebok for høgre skular. Dei ymse tilskota i boka var tekne frå fleire forfattarar, som også skreiv noko ulikt. Dei to utgjevarane ville eit stykke på veg spegle av dei ulike skrivemåtane, men samla dei i to hovudnormer. Ei norm følgde skrivemåten åt Aasen og dei som skreiv nærast som han, ei anna var etter folk som skreiv målet noko annleis. Utgjevarane kalla det siste slaget for landsmål B. Aasen uttala seg ikkje i skrift om leseboka, men det er grunn til å tru at han likte dårleg at dei såleis på ein måte kløyvde landsmålet i to.
Av di målet vart skrive så ulikt, fastsette departementet i 1893 at nokre viktige landsmålsbøker skulle vera rettesnora for korleis målet skulle skrivast. Norsk Grammatik av Ivar Aasen var mellom dei, men det var også teke med andre bøker, som ikkje følgde Aasen i eit og alt. På dette steget stod saka då Aasen fall ifrå. Landsmålet hadde kome inn i skulen, men skrivemåten av det var ikkje eintydig. I 1898 sette departementet ned den fyrste rettskrivingsnemnda for landsmålet. Det var usemje mellom nemndmedlemene, men den eine som ville følgje Aasen nærast, Marius Hægstad, drog det lengste strået til slutt. Dei andre to i nemnda, Rasmus Flo og Arne Garborg, sette opp det såkalla midlandsmålet som si løysing på normspørsmålet. Med Hægstad-normalen vart lina åt Aasen ført vidare til 1917, men også midlandsmålet vart godkjent til bruk i skulen.
Aasen og nynorsk i dag
Vi skal ikkje gå detaljert vidare med soga om norma og skrivemåtane i landsmålet og nynorsk. Som vi veit, har målet Aasen ein gong sette opp, vorte revidert fleire gonger. Det har vore to føremål med dei ymse tiltaka og inngrepa: å leggje norma nærare til talemålet åt fleire språkbrukarar i landet og å leggje henne nærare bokmål. Både grunnlaget for revisjonane og den praktiske gjennomføringa har det vore strid om, til dels sterk strid. Det rår framleis usemje om korleis norma skal vera, men det skal vi ikkje gå inn på ved dette hundreårsminnet. Det er kanskje ikke noka ulukke heller; strid om målet syner at det lever.
Vi kan likevel nærme oss spørsmålet om norma i dag på ein måte som fører saka nært inn til hovudpersonen dette året. Ut frå arbeidet og synet åt Aasen då han skapte verka sine, skulle det vera mogeleg å gjera seg tankar om korleis Aasen ville ha sett på nynorsk i dag. Vi må byggje på grunnsynet hans, og rekne med at han ville ha halde fast på det, noko det heller ikkje er rimeleg grunn til å tvile på ut frå det vi veit om Aasen. Etter at han hadde vunne fram til avklaring i spørsmålet om norma, var det ikkje forandring eller skiftande skugge i hugen hans.
Eit slåande drag ved nynorsknorma i dag er at ho ikkje er einskapleg. Det er så mange jamstelte og tillatne former. Dei er der for å koma talemålet åt røynlege og mogelege nynorskbrukarar i møte, så føremålet har alltid vore og er aktverdig. Vi kan gå ut frå at det er bra med eit nært band mellom talemål og skriftmål. Aasen ville sjølvsagt òg at skriftnorma skulle høve saman med norsk talemål, men det var på ein meir landsdekkjande og idealisert måte. Det fyrste bodet hans var at Sprogformen bør kun være een . Dei som har stelt med målet i storting og styringsverk etter hans dagar, har avgjort den saka annleis enn Aasen ville.
Eit grunndrag i den grammatiske bygnaden åt landsmålet var knytt til valet av ending i bunden form eintal av hokjønnsord. Aasen delte hokjønn i to, med ulike former for sterk og linn bøying. Han skilde mellom former som soli og former som visa. Nett dette har vore ein slik skiljestein i måltradisjonen at vi på grunnlag av det gjerne talar om to slags nynorsk: i-målet og a-målet. Frå 1917 var a-målet mogeleg som skulemål, og frå 1938 vart det hovudforma. Etter 1938 har i-målet framleis vore skulemål, men ikkje til bruk i lærebøker. Som vi veit, har det aldri vore semje om dette mellom nynorskbrukarane. Det er ingen tvil om at Aasen ville ha halde på i-målet, så her har vi endå eit punkt der det gjekk annleis enn han ynskte.
På eit tidleg steg steig Aasen fram som ein stridsmann for å få landsmålet godteke ved sida av det målet som rådde i samfunnet den gongen; det var i 1850-åra. Seinare følgde han for det meste vake med i stridar om målet, men han var sjølv ingen verksam stridsmann for målsaka. Det kom andre som tok seg av den sida av saka, og så lenge han levde, var Aasen den store føregangsmannen og autoriteten som alle målfolk såg opp til, endå om dei ikkje alltid rette seg etter han.
Vi kan sjå på nynorsk i dag frå andre sider, såleis etter kva stode det har som bruksmål i samfunnet. Aasen var ingen føretalar for å gå snøgt fram med å føre inn landsmålet eller med å ta det i bruk på nye område. I staden la han vinn på at val og bruk av målet skulle gjerast trygt og vel gjennomtenkt. Det viktige vedtaket om rett til å bruke heimemålet i skulen og jamvel jamstellingsvedtaket i 1885 eller målparagrafen i skulelova av 1892 sette ikkje store far etter seg i det han skreiv om mål og målsak for seg sjølv eller andre.
Ivar Aasen tala ikkje landsmål, og heller ikkje dialekt anna i særhøve når han kom saman med sunnmøringar. Talemålet hans hadde målføret frå Ørsta som lydleg utgangspunkt, men truleg alt som lærar i heimbygda, og visseleg som elev i ein prosteheim og i mange år som huslærar hjå kapteinsfolka på Solnør la han seg etter eit talemål bygt på norsk dana daglegtale og på dansk skriftmål. Kunstproduktet som han såleis dyrka fram, vart det vanlege talemålet hans seinare i livet. Endå han sjølv aldri brukte noko som likna normbunde landsmål i tale, kom han i grammatikken for landsmålet med merknader om korleis målet skulle brukast munnleg. Særs tydeleg er det ein stad der han seier føre at den d-en som vart skriven i ord som "Tid" og "Lid" (no "tid" og "li"), skulle vera med i tale like mykje som d-en i "Dag". Om Aasen hadde kome att til Noreg i dag, ville han sikkert ha undra seg over kor fritt og naturleg mange våger å bruke det heimlege talemålet sitt, men han ville også ha undra seg over at nynorsk normaltale er så lite vanleg når nynorsk skriftmål har fått så godt rom.
Både med han levde og i dei hundre åra etter har det jamleg stått strid om Ivar Aasen og det han stod for. Heller ikkje vi som i dag av indre overtyding og med signing av Kulturdepartementet minnest han med høgtid i hugen, skal lyse nokon gravfred over namnet. Det ber enno ein bodskap vend mot framtida og mot uløyste oppgåver for norsk mål.
Av Arne Torp
Det finst knapt nokon vaksen nordmann som ikkje har hørt om Ivar Aasen, og dei fleste veit vel også ein god del meir om han enn namnet. Spør ein etter Knud Knudsen, er det derimot mange som blir flakkande i blikket, medan andre har svaret på reie hand: Han var god til å sykle! Det er likevel ikkje syklisten Knut Knudsen eg skal seie noko om her – å jamføre han med Ivar Aasen ville vel heller ikkje vere så lett. Språkmennene Knud Knudsen og Ivar Aasen hadde derimot atskillig sams. Samtidig er det på andre måtar naturleg å sjå dei som motpolar.
Det som gjer Ivar Aasen langt meir kjend enn Knud Knudsen, er nok det at Aasen var målreisar medan Knudsen var målbøtar, for å bruke uttrykk dei sjølve gjerne nytta. I dette ligg det at Aasen laga eit heilt nytt skriftspråk – landsmålet – bygd på dei norske dialektane. Knudsen agiterte derimot for å endre det danske skriftspråket litt etter litt. Det er kanskje ikkje urimeleg at den som skapar eit nytt skriftmål, får eit større gjetord enn den som berre gjer framlegg om å revidere eit som finst frå før.
Aasen skapte altså landsmålet, det gjorde ikkje Knudsen med bokmålet. Likevel er det rimeleg å tru at bokmålet i dag hadde vore nokså mykje annleis utan Knudsens innsats.
Nedanfor skal vi prøve å sjå på nokre punkt i livssoga og arbeidet til desse to for å sjå kva som er likt, og kva som skil.
Levetid, sosial og geografisk bakgrunn
Stort meir samtidige enn Knudsen og Aasen går det ikkje an å bli: Dei vart fødde med eitt års mellomrom og vart nøyaktig jamgamle (Knudsen 1812–1895; Aasen 1913–1896). Begge kom frå bondestanden; Knudsen var rett nok husmannsson og Aasen bondegut, men det hadde nok mindre å seie, ettersom det var liten skilnad på husmenn og sjølveigande bønder i dei delane av landet dei kom frå.
Då har det truleg meir å seie at Aasen kom frå Ørsta på Sunnmøre, medan Knudsen voks opp i bygda Holt, som ligg i den landsdelen vi i dag kallar Sørlandet, men som den gongen vart rekna som ein del av Vestlandet. Både Knudsen og Aasen kalla seg altså vestlendingar.
Likevel er det klart at avstanden ikkje berre til Danmark, men også til det danske skriftmålet, måtte fortone seg mindre dramatisk for den som voks opp nokre få kilometer frå Skagerrak enn for den som hadde sunnmørsfjella like innpå seg. Den reint geografiske avstanden til den norsk-danske bykulturen var heller ikkje så lang for Knudsen – Arendal ligg berre to mil unna fødestaden hans.
Utdanning, yrkesliv og privatliv
Både Knudsen og Aasen vart rekna for å vere flogvit av sambygdingane sine, og begge fungerte i ung alder som skolehaldarar – Knudsen var jamvel huslærar for to bondegutar i heimbygda alt som tolvåring.
Det var likevel berre Knudsen som kom til å gå det som den gongen var den normale skolevegen for ein som ville studere. Han kom seg først inn på Arendals real- og middelskole, og i 1840 tok han filologisk embetseksamen ved Det Kongelige Frederiks Universitet (no Universitetet i Oslo). Seinare var han det meste av levetida overlærar (dvs. lektor) ved Christiania katedralskole.
Aasen fekk eit par år privatundervisning hos ein prost heime på Sunnmøre, men elles må han stort sett reknast som såkalla autodidakt, dvs. sjølvlært. Etter at han drog frå Sunnmøre for godt i 1841, levde han av offentlege stipend. Han hadde med andre ord ikkje noko vanleg borgarleg yrke, men levde av og for målgranskinga si.
Både Knudsen og Aasen valde å gå gjennom livet som ungkarar, og begge budde det meste av levetida fast i Oslo, eller Kristiania, som byen heitte den gongen.
Livsverk
Aasens livsverk er uløyseleg knytt til det skriftmålet han skapte – landsmålet. Hovudverka her er sjølvsagt grammatikken og ordboka, som er omtala andre stader i dette heftet. Men Aasen ville også syne at skriftmålet hans kunne brukast i praksis, og dette viste han både som skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaskribent. Målstriden tok han til gjengjeld lite del i; den overlet han stort sett til andre.
Knudsen var derimot heile sitt vaksne liv oppteken ikkje berre av det han kalla det dansk- norske målstrevet; han var også sterkt engasjert i mange andre saker, og ikkje berre som observatør, men i høgste grad som aktør.
For det første kjempa han mot latin som obligatorisk fag i den høgre skolen, og her fekk han tidleg gjennomslag for ideane sine – alt i 1857 vart den latinske stilen avskaffa til studenteksamen. Dessutan ville han ha bort dei såkalla gotiske trykkbokstavane – her ville han i staden ha såkalla latinske typar eller antikva, som er den trykkstilen vi har i dag. Aasen ville derimot halde på dei gotiske typane, fordi det var dei bokstavane vanlege folk var vane med på den tida.
Vidare var Knudsen skandinavist – han ville at det norsk-danske skriftmålet skulle nærme seg svensk. Aasen var nok også skandinavist for så vidt som han meinte det ikkje var ønskjeleg at dei skandinaviske språka skilde lag i utrengsmål, men han meinte også det var viktig at dei norske særdraga måtte komme fram.
At det nasjonale også var viktig for Knudsen, ser vi av kampen hans mot framandorda, purismen, som mellom anna kom til uttrykk i ei svær ordbok han gav ut i 1881: Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning. Av alle dei mange til dels fantasifulle avløysarorda der er det knapt andre enn ordskifte for debatt og bakstrev for reaksjon som har slått gjennom i allmenn språkbruk. Her hadde truleg Aasen meir hell med seg; på nynorsk er det som kjent mange ord ein framleis (helst) ikkje bør bruke fordi dei opphavleg er lånte frå andre mål, særleg gjeld det slike som endar på -else og - he(i)t.
To vegar – eitt mål?
Aasen og Knudsen var samde om ein viktig ting: Dei ville begge ha bort det danske skriftmålet. Det dei var usamde om, var vegen dit. Aasen ville som kjent bryte over tvert og basere skriftmålet på dei norske dialektane. Knudsen meinte dansken ikkje kunne avskaffast med eitt slag. "Gradvishetens vej, ikke bråhastens," var hans slagord. Mot slutten av dansketida hadde den norske overklassa utvikla eit talemål som i hovudsak bygde på dansk skrift, men med norske lydar og ein del norske ord. Dette målet vart på 1800-talet gjerne kalla den dannede dagligtale; Knudsen brukte derimot helst nemninga det landsgyldige norske talemål.
Etter Knudsens meining måtte det første steget bort frå dansken vere å byggje skriftmålet på dette talemålet, som ganske visst ikkje var så "heilnorsk" som dei dialektane Aasen tufta landsmålet sitt på, men som like fullt hadde ein umiskjenneleg norsk svip. Det viktigaste var likevel at dette talemålet var etter måten einskapleg ("landsgyldig"), i motsetnad til dialektane, som varierte mykje frå landsdel til landsdel. Dessutan hadde det høg prestisje, ettersom det var talemålet til overklassa. Dermed rekna Knudsen med at det ville bli lettare å få det akseptert som basis for skrifta. Etter kvart håpa han også at dette talemålet ville utvikle seg vidare i "norsk" lei, det vil seie at det ville nærme seg folkemålet, dialektane.
Den seinare utviklinga av bokmålet har langt på veg innfridd dei forventningane Knudsen hadde. Den reine dansken forsvann i 1907, og i dag dominerer bokmålet på dei fleste område av norsk samfunnsliv, medan nynorsken er skriftmål for eit mindretal. Jamvel om bokmålet framleis har klare merke etter det danske opphavet sitt, vil knapt nokon lenger i fullt alvor finne på å kalle bokmålet dansk. Samtidig har nynorsken komme mykje nærmare bokmålet. Både Knudsens og Aasens arbeid har hatt stor framgang, men Knudsens nok mest.
Likevel er ikkje Knudsens endelege framtidsvisjon vorten røyndom enno. Han førestilte seg nemleg at hans eige dansk-norske og Aasens norsk-norske målstrev med tida skulle føre fram til det same målet: Eitt sams skriftmål for alle nordmenn. Om det målet nokon gong blir nådd, og korleis det målet i så fall kjem til å sjå ut, er ikkje godt å vite i dag. Det som er visst, er at både Knudsen og Aasen har sett merke etter seg som aldri vil forsvinne så lenge det finst norsk skriftmål her landet – eitt eller to.
Av Einar Lundeby
La oss gjøre et tankeeksperiment: Dersom ikke Ivar Aasen var dukket opp fra folkedypet og med sitt geni hadde skapt landsmålet, hadde vi da hatt et "Bokmål"? Og i så fall – hvordan hadde det da sett ut?
Svaret på det første spørsmålet må bli at vi nok hadde hatt et riksmål/bokmål likevel. Tanken om å fornorske det gjeldende danske skriftspråket er eldre enn Aasen; Henrik Wergeland var en av de første til å bringe ideen på bane. Forandringene bort fra dansk begynte allerede i 1862, og de går tilbake til den danske språkmannen Rasmus Rask, ikke til Aasen. Og Knud Knudsens iherdige propaganda for at norsk skrift skulle bygge på norsk tale, ville sikkert ha ført til resultater uten Aasens medvirkning. Men resultatet ville sannsynligvis ha vært et annet enn det bokmålet vi har fått.
På det andre spørsmålet kan vi med trygghet svare at uten Aasens landsmål ved siden av seg ville dansk-norsken trolig ha utviklet seg langt tregere i norsk retning, og kanskje stoppet opp på et tidligere stadium enn det bokmålet står på i dag. Gjennom hele det reform-hundreåret som bokmålet har vært igjennom, har jo landsmålet/nynorsken stått der som en manifestasjon av det norske i nordmenns tale; det ble da en naturnødvendighet at bokmålet under fornorskingsprosessen måtte ta opp mange former som nynorsken hadde.
Jamstillingen av landsmålet med "det almindelige Bogsprog" i 1885 var nok litt av et sjokk for mange borgere, og en sterk impuls i retning av et norskere "Bogsprog". Da så enkelte skoler i 1890-åra gikk over til landsmål i undervisningen, begynte riksmålsfolk å frykte at landsmålet skulle seire fullstendig. De så seg om etter mulige mottiltak, og ettersom det viktigste argument for landsmålet var den norske karakteren det hadde, lå den tanken nær at også dansk-norsken måtte gjøres mer norsk for å kunne hevde seg. Tida var moden for en reform (også pedagogiske grunner talte for det), og forberedelsene til 1907-reformen ble satt i gang.
Språkpolitisk bidrog altså Aasens målreising sterkt til at utviklingen fra dansk-norsk til riksmål ble innledet. Hvordan har så landsmålet/nynorsken virket inn på den utformingen bokmålet har fått? Kan det påvises trekk ved moderne bokmål som sikkert eller sannsynligvis skyldes nynorskens mønster? Slike trekk finnes – i ortografi, bøyningsverk, syntaks og ordforråd.
Ortografi
Dansk skriftspråk har en fordeling av bokstavene e og æ som var meget vanskelig for nordmenn, for de hadde ingen støtte i uttalen når det gjaldt å sondre mellom dem. Dansk skriver f.eks. hest, men præst, besk men flæsk. Her var det behov for en reform i dansk-norsken, men skulle en velge e eller æ som den gjennomgående bokstaven? Knudsen gikk inn for å prioritere æ, men Aasen valgte e i de aller fleste tilfeller, og da rettskrivningsreformen i 1917 skulle rydde opp her, var det Aasens løsning som ble valgt også for riksmålet.
Dansk har i prinsippet ikke dobbeltkonsonant i utlyd, bare mellom vokaler; dermed får en bøyningsmønster som top – toppen, flag – flagget. Aasen drøfter i grammatikken hvordan lengde skal markeres, og er inne på den muligheten å fordoble lang vokal, slik dansk hadde gjort det i eldre tider. Men han avviser dette og kommer til (Gram. s. 32): "At derimod Konsonanten maa skrives dobbelt, hvor den lyder dobbelt, synes at være en klar Sag." For riksmålet ble lengdemarkeringen et virkelig problem etter at de ustemte konsonantene p, t, k i 1907 var innført istedenfor b, d, g i samsvar med norsk uttale. Før hadde en skrevet en tak, men et tag. Når tag ble til tak fikk de to orda samme skrivemåte, og slike nye ordsammenfall ble det mange av. Derfor satte 1917-rettskrivningen inn dobbeltkonsonant etter kort vokal i de fleste tilfeller. Aasen hadde med sin norm vist veien.
Morfologi
Hunkjønnsbøyningen kan her være et eksempel på nynorskens mønsterrolle i forhold til bokmålet. Ut fra prinsippene som Aasen la til grunn for sitt landsmål, måtte han nødvendigvis gi hunkjønnskategorien plass i substantivbøyningen – nesten alle norske dialekter hadde den. Da overføringen av riksmålet fra dansk til norsk talemålsgrunnlag var kommet et stykke på vei, ble det helt naturlig aktuelt å føre inn hunkjønnskategorien også her. Dette skjedde i noen grad i 1917 og sterkere i seinere reformer. Dette ville etter min mening neppe ha skjedd hvis ikke nynorsken hadde gitt mønsteret. For en utenforstående ser saken slik ut som Elias Wessén skriver i De nordiska språken (s. 54): "Former som solen, boken, bygden har varit allmänt nordiska, och de äro icke mindre norska, därför att de även äro danska och svenska. De borde ha kunnat bevaras i bokmålet – med stöd av de andra nordiska språken – och införts i landsmålet." Det er sannsynlig at svært mange nordmenn var tilbøyelige til å tenke i samme baner som Wessén, og det er tvilsomt om hunkjønnsbøyning var kommet på tale i bokmålet dersom ikke nynorsken på forhånd hadde gjort kategorien levende også i skrift.
Syntaks og stil
Det er en kjent sak at bokmålet generelt har utviklet seg fra den snirklete og innviklede setningsbygning som dansken ofte hadde, til enklere og kortere setninger, og i det hele tatt en greiere og mer lettlest stil. Det er neppe for dristig å hevde at Aasen også her har hatt innvirkning på utviklingen. I Norsk Grammatik (1864, s. 380) skriver han: "Det er ønskeligt at faae en vakker og velklingende Stiil, men det er ikke ønskeligt at optage den stive og kunstige Periodebygning, som er kommen i Brug i visse andre Sprog." Dette prinsipielle syn ligger til grunn for Aasens egen praksis som skribent. Nikolaus Gjelsvik påpeker i Von og Veg (1950, s. 11) at "alle germanske skriftmål...byggjer på latinsk stilgrunnlag. ... Det einaste undantaket er nynorsk soleis som Ivar Aasen skreiv det målet frå fyrste stund og greidde det ut i grammatikken, ordboki og andre skrifter... Skulde det norske målet reisast uppatt på ein måte som det var sant gagn i, laut ein fylgja norsk stilgrunnlag, og ikkje byggja på det latinske." Det norske stilgrunnlaget var for Aasen som for Gjelsvik talemålet. Det stilidealet som bokmålet gjennom hele 1900-tallet har søkt å nærme seg, har nettopp vært talemålets enkelhet. Også her har bokmålet fulgt i Aasens fotspor og prøvd å nærme seg i uttrykksmåte til det beste nynorske, f.eks. med verbale konstruksjoner istedenfor substantiviske.
Ordforrådet
Kanskje mest håndgripelig er Aasens innflytelse på bokmålets utvikling når det gjelder ordforrådet. Aasen var som kjent purist; han så det som på alle måter forkastelig at det danske språket hadde tatt opp så mange fremmede ord og orddanningselementer (fra tysk). Han ville derfor ikke ha de tyske lånorda med i ordboka si, og ønsket at flest mulig av dem skulle bli erstattet av norske.
Den nasjonale ideologien som lå under Aasens holdning her, har hatt ganske stor oppslutning også blant bokmålsfolk. Språkrådgivere har frarådd å bruke tyske lånord så sant det finnes tilsvarende norske. Hvis ikke bokmålet hadde noe synonym til det tyske, har en i noen utstrekning tydd til nynorsk og hentet ord derfra. Særlig har dette vært tilfellet i offentlig administrasjon, der visse nynorske avløsningsord en tid nærmest var påbudt. Eksempler fra dette bruksområdet kan være høve, løyve, søknad, avgjerd. Andre nynorske ord er mer eller mindre kommet i bruk i bokmålet fordi de føles som friske og kraftige; i bokmålet er de jo nye og uslitte: djerv, framifrå, ihuga, bunad, skilnad, skipnad, vågnad, inntak, opptak, unntak og mange flere.
Spørsmålet vi begynte med, var: Hvordan hadde bokmålet sett ut uten Aasen? Etter det jeg mener å ha påvist her, må vel svaret bli: Uten Aasen som foregangsmann når det gjaldt å få norsk tale ned på papiret, hadde bokmålet vært et annet, kanskje på det stadiet vi hadde etter 1907. Noen ville nok ha vært tilfreds med det, men mange nordmenn, trolig de fleste, er nok Aasen takknemlig for hans (utilsiktede!) medvirkning til at vi nå har et hovedsakelig norsk bokmål.
Av Jørn Lund
Danmark har ikke haft nogen Ivar Aasen, ikke engang noget, der kom i nærheden. Vi har og har længe haft dialektforskere, vi har oven i købet folk, der ikke bliver hængende i teorier om, hvordan sprogsystemer kan udvikles, men også tager ud, der hvor sprogene tales, kommer tæt på landbokulturen og lader sproget afdække sig i et samspil med den dialekttalende.
Vi har også digtere, der har anvendt dialekten som udtryk og fastholdt det i skriftsproget. Men vi har ikke nogen Ivar Aasen, som i sjælden grad var den rette mand på det rette tidspunkt.
Her skal ikke forsøges nogen vandring gennem dansk litteratur på jagt efter dialektnedslag, for pointen er, at dialekt er krydderi i dansk litteratur, medens det er kultur i norsk litteratur. Denne kultur kunne ikke være båret stærkere frem end af digteren og sprogmanden Ivar Aasen.
Og pædagogen! For nok var sigtet nationalt og folkeligt: Aasen opfattede sproget "som en Nations fornemste Kjendemærke", men han så tillige pædagogiske fordele ved landsmålet, som kunne befri almuen "fra unødig Møie". Overgangen fra tale til skrift skulle lettes for (land)befolkningen. For, som Holberg skrev: "Den udtale, man haver faaet i Barndommen forgaaer ikke."
Mange vil mene, at denne lettelse har haft store omkostninger. Og det har de ret i. Tilstedeværelsen af to officielle skriftsprog i Norge koster megen "Møie". De sprogkonservative havde vel foretrukket, at alt blev, som det var, at det dansk-norske skriftsprog videreførtes; Eidsvollforfatningen kalder ligefrem sproget norsk: "Alle Forestillinger om Norske Sager, saavel som de Expeditioner, som i Anledning deraf skee, forfattes i det Norske Sprog." Her defineredes altså norsk sprog som 'sproget i Norge'; senere i århundredet talte man om dansk-norsk. Men sprogspørgsmålet var som bekendt ikke i fokus de første årtier efter 1814.
Reformisterne, oftest forankret i bykulturen, så betydningen af at udvikle et eget, selvstændigt norsk sprog, men forestillede sig en langsom og gradvis fornorsking. De radikale (et ord, som den sprogradikale Aasen ville have afvist) forkastede det givne udgangspunkt og forestillede sig, at resultatet af deres sprogplanlægning ville føre til et nyt, fælles nationalt skriftsprog.
De uforstående danskere
Danskerne har aldrig rigtig forstået, hvad der foregik, og de forstår stadig ikke, hvilke kræfter og perspektiver der ligger i den norske debat. De fleste danskere har et ret maskinelt sprogsyn, opfatter sproget som et rent kommunikationsanliggende og ser ikke nogen nærmere forbindelse mellem sprog og kultur. Fædrelandssangenes vers herom opfattes som besværgelser.
Tanken om dialekt som krydderi og stilistisk udtryksmiddel er da også nærliggende for en dansker. De jyske vers og fortællinger hos Steen Steensen Blicher (1782–1848) vandt yndest netop som eksotisk lokalkolorit – på et tidspunkt, hvor man i skønlitteraturen dyrkede det usædvanlige, det dæmoniske, det fremmedartede. Jeppe Aakjær (1866–1930) tog initiativ til en jysk bevægelse og udtrykte sig digterisk på sin dialekt, fik tilhængere, men dannede ikke skole. Alligevel er Jeppe Aakjær nok det nærmeste, vi i Danmark kommer på en Aasen- skikkelse. Men det er Walter Scott og Robert Burns, ikke Aasen, han står i gæld til.
Knyttet til den jyske bevægelse var også Johannes V. Jensen (1873–1950), men hos ham var dialekt forbundet med forestillinger om den gamle hjemegn; han tillagde nok det jyske og det nordiske en fremtrædende plads i sin kulturopfattelse, men som sit daglige udtryksmiddel kunne han næppe forestille sig et jysk skriftsprog.
I de seneste årtier har imidlertid en fremtrædende visesanger, musiker og digter taget vendelbomålet til sig som udtryk også for en moderne virkelighed. Niels Hausgaard (f. 1944) bruger sin hjemmelavede vendelboortografi – ikke blot som et stilistisk virkemiddel, men fordi han ikke kan udtrykke sig kunstnerisk på et sprog, der ikke reflekterer hans verden, præget som den er af overgangen fra det gamle landbosamfund til det internationalt (dvs. amerikansk) dominerede industri- og informationssamfund.
Millom bakkar og berg
Aasens projekt har grebet mig, fra jeg første gang stiftede bekendtskab med ham i gymnasiet. Ved eksamen på 2. del af danskstudiet ved Københavns Universitet havde jeg den uventede lykke ikke blot at komme op i norsk (svensk var også en mulighed), men ligefrem at blive eksamineret i Aasens "Nordmannen". Jeg foretog der den uventede manøvre at tilbyde at synge teksten i stedet for at læse den op. Den norske lektor, Erling Georg Larsen, havde trods grundig gennemgang af hver eneste retskrivningsreform i norsk historie fundet tid til at synge sangen med holdet, hvad der var ganske usædvanligt dengang, i 1966. Og i grunden er det for en dansker lettere at ramme norsk udtale i sang end i tale, både fordi det danske stød og det norske accentsystem neutraliseres – og fordi dansk sangdiktion er ekstremt konservativ, således at man automatisk føres tilbake til det dansk, der var til at forstå for norske! Aasen har til gengæld sørget for, at en norsk udligning er umuliggjort.
Sult
Min senere kollega, professor Erik Hansen, har sat endnu mere på spil for at komme tæt på Ivar Aasen. Som fattig danskstuderende ved universitetet i Oslo så han hos en antikvarboghandler en 2.-udgave af Ivar Aasens grammatik (1864), som han måtte have. Men det var småt med midler, og købet gik så hårdt ud over økonomien, at han måtte skære alvorligt ned på det daglige forbrug. Efter nogle dage opstod der svimmelhed og synsforstyrrelser, og Erik Hansen måtte konsultere en læge. Diagnosen var hurtigt stillet: Sult! Også i 1950'erne var Kristiania en forunderlig by, som man ikke kunne forlade uden at få mærker af det.
Arven efter Aasen
Aasens virke har som ringe i vand sat sig spor, ikke kun i landsmål og nynorsk, men også i bokmål. Man kan, hvis man har mod til det og er på passende afstand af norske kolleger, have sine tvivl om, hvorvidt der eksisterer to norske skriftsprog om 100 år. Men man kan ikke anfægte den kendsgerning, at opkomsten af et dialektbasert alternativ har fået konsekvenser for begge målformer.
Hvem har så sejret? Ja, indtil videre er der ingen sejrherre. Og hvad er en sejr? Aasen ønskede uden tvivl kun ét norsk skriftsprog; det samme gjorde de sprogkonservative, men det var et andet, ikke engang et "Aasen light". Men hele den norske sprogoffentlighed har gennem hundrede år lært, hvad et sprog er, hvad identitet er, hvordan sprog og kultur lever i en bevidst og ubevidst vekselvirkning af betydning for hele det mentale liv. Sprogsituationen i Norge har fremmet et dynamisk sprogsyn: Sprog opfattes som et menneskeligt udtryk, der nok overleveres, men også kan formes og reguleres.
I sproget har man sin historie med. Og uanset om Norge viderefører to officielle skriftsprog eller udvikler et fællessprog, vil Aasens indsats kunne spores overalt – millom bakkar og berg utmed havet.
Av Tove Bull
Ordet identitet fins ikkje hos Aasen, så langt eg har klart å finne ut, korkje som oppslagsord i ordboka eller i bruk i andre skrifter. I Norsk Ordbog hører det ikkje heime, fordi det ikkje er eit norsk ord. Men ordet var i bruk i norsk på Aasens tid. Wergeland brukte det to gonger*. Mauritz Hansen har det med i si Fremmedordbog (2. utg. 1851), og vi finn det òg i Knud Knudsens Unorsk og norsk frå 1881, med tilvising til Molbech (Dansk Ordbog, 1835). Meir forvitnelig er det at det står ein artikkel på ti liner i det første konversasjonsleksikonet vårt, Chr. Johnsens frå 1879. Øvst på Johnsens liste over ekspertar han har hatt hjelp av, står faktisk Aasen nemnd: Aasen, Ivar, Sprogforsker". Så Aasen må heilt klart ha kjent ordet. Det er likevel først i det 20. hundreåret at identitet er blitt eit viktig omgrep i filosofien, og at det er tatt i bruk i andre fag og vitskapsgreiner. Ordet kjem frå seinlatin identitas, latin idem = den/det same. I Nynorskordboka er identitet i den tydinga som er interessant i vår samanheng, forklart slik: "sum av element som gjev eit individ, eit samfunn o l individualitet; eg-medvit".
No blir omgrepet identitet brukt i mange fag og vitskapsgreiner. Og det blir brukt på ulike måtar i ulike fag. I den tydinga vi er opptekne av her, er det primært eit psykologisk omgrep. Det har dessutan ein sentral plass i sosiologi, sosialantropologi, folkloristikk og etnologi, i filosofi og litteraturvitskap. Og sjølvsagt i språkvitskapen, som denne vesle artikkelen må seias å høre heime i.
Trass i at ordet ikkje var brukt av Aasen, kan det vere god grunn til å hevde at han ofte skriv om identitet. Mellom anna går mykje av argumentasjonen for folkemålet i fortalen til Norsk Grammatik frå 1864 ut på at det er samanheng mellom språk og identitet. Her skriv Aasen om korleis "Undertrykkelsen af et nedarvet Tungemaal maa [...] virke skadeligt" (Aasen 1864 (1965):xi) og han poengterer at det ikkje bare handlar om omkostnadene ved å lære eit fremmendt mål: "Man skal her ikke see alene paa det nye, som et Folk maa lære, men ogsaa paa det gamle, som det ikke faar benytte." (s.st.)
I nyare tid har eit hovudargument for nynorsk og ikkje minst dialektbruk vore at det er samanheng mellom språk og identitet. Det er først og fremst gjennom språket at identiteten vår kjem til uttrykk. Språkhandlingar er – ved sida av å vere nettopp språkhandlingar – identitetshandlingar. Gjennom å velje dei og dei språklige uttrykka, presenterer vi oss sjølve. Vi seier noko om kven vi er og kven vi eventuelt ønskjer å vere. Indirekte kan vi òg formidle noko om kven eller kva vi ikkje ønskjer å vere. Fordi det er ein slik nær samanheng mellom den vi er og det språket vi bruker, er det inga enkel sak å gå frå ein språkvarietet til ein annan, eller å skifte ut den opphavlige dialekten med eit standardspråk t.d. At slike vanskar er heilt reelle, er det mykje empirisk belegg for. Slik empiri blir gjerne forklart med at det er svært vanskelig og i somme tilfelle jamvel skadelig å gjøre vald på eigen identitet. Identiteten er det inste i mennesket, sjølve kjernen i oss. Han er forma gjennom barndom og oppvekst, og er så å seie både det vi er skapte av og det vi er.
Resonnement som dette må bygge på ei førestelling om at identitet er noko statisk, eller noko som bare svært vanskelig kan endras. Resonnementet aktualiserer altså spørsmålet om det permanente og stabile versus det foranderlige og labile. Så vidt eg kan forstå, har mest all argumentasjon kring språk og identitet i norsk språkpolitikk basert seg på ei oppfatning om at den identiteten vi utviklar gjennom barndom og oppvekst, er tilnærma fast og stabil. Det er det som i andre samanhengar har vore kalla "sui similis"-tanken (sui similis= seg sjølv lik). Etter denne tanken kan eg i røynda ikkje bli nokon annan enn den eg er. Eg les også fortalen i Aasens grammatikk på den måten at det identitetsomgrepet ein kan abstrahere ut av Aasens resonnement og argumentasjon, i alle fall minner om eit slikt "sui similis"-omgrep.
Eit slikt statisk identitetsomgrep er eit farlig identitetsomgrep. Kopla til etnisitet kan det gjøre overlag stor skade. Er du kroat, er du ven og god; er du serbar, er du fiende og vond, eller omvendt. Det bildet vi har av identitet som noko statisk og permanent, er med på å legitimere at menneske drep kvarandre; det kan tene til å legitimere etnisk reinsing.
Identitetsomgrepet er sjølvsagt ein abstraksjon. I den verkelige, konkrete verda fins det inga "identisk" språktilhørigheit som vi så å seie kan identifisere eller blinke ut og identifisere oss med. Så enkelt er det rett og slett ikkje. Eg har derfor vondt for å sjå det meiningsfulle i å tale om ein språklig identitet som er direkte knytt til ein språkvarietet for kvar enkelt av oss. Var det slik, ville vi like gjerne kunna sagt at dialekt er lagnad. Men vi er ikkje identiske med oss sjølve. Også som språkvesen representerer vi motsetnadsfulle identitetar.
Tanken om ein foranderlig og motsetnadsfull identitet har gjeve namnet til den såkalla "homo mutabilis"-ideen. Det betyr at mennesket er foranderlig; mennesket endrar seg. Det fins ikkje nokon personligdomskjerne. Vi konstituerer og skaper identiteten vår livet igjennom, i samvær og samliv med andre menneske. Identiteten min er ikkje noko eg har i meg, uavhengig av tid og stad, samanhengar og kontekstar, men noko som blir realisert i relasjon til andre menneske. Tenker ein på denne måten, blir identitetsomgrepet relasjonelt. Eit slikt relasjonelt identitetsomgrep kan trulig operasjonaliseras på ein meir konstruktiv måte enn eit statisk identitetsomgrep. Det får også visse konsekvensar for korleis vi oppfattar vår eigen og andres variable og motsetnadsfylte språkbruk. For vi snakkar jo temmelig ulikt alt etter kven vi snakkar med. Språket vårt er heller ikkje identisk med seg sjølv.
Det er velkjent frå psyko- og sosiolingvistikken at vi som språkbrukarar tilpassar oss språklig til den vi samtalar og samhandlar med, og til den situasjonen det skjer innafor. Det kan skje på ulike måtar, anten ved at vi nærmar oss den andre språklig (konvergerer), eller motsett, ved at vi fjernar oss frå den andre (divergerer). Såleis har akkomodasjonsteoriar ein viktig plass i psyko- og sosiolingvistikken.
No akkomoderer ikkje alle språkbrukarar like sterkt i alle situasjonar. Også som språkbrukarar er vi forskjellige. Somme synes å halde mykje sterkare fast på sin opphavlige dialekt enn andre, jamvel om vi alle nok i ein viss monn tilpassar oss skiftande kommunikasjonssituasjonar ved å variere språkbruken vår. Om denne skilnaden mellom språkbrukarar inneber at talemålet for somme ikkje har noko å seie for identiteten, veit vi ingenting om. Dei individuelle skilnadene treng iallfall ikkje føre til at vi må oppgje tanken om ein nær samanheng mellom språk og identitet. Det er all grunn til å rekne med at det fins ein slik samanheng, men denne samanhengen blir mykje meir kompleks og mangefasettert om vi nærmar oss desse problema via eit relasjonelt identitetsomgrep i staden for eit statisk.
Trass i at vi alle har medvetne røynsler for at vi akkomoderer, og for at det er nokså store individuelle skilnader når det gjeld denne typen språklig variasjon, synes det som om det fins eit implisitt ideal mellom folk flest om at det beste er "å halde på dialekten". Det er liksom da ein best får uttrykt sin identitet. Dette idealet kjem til uttrykk gjennom kompliment av typen "Du er den same gamle", "Du har ikkje endra deg på dei siste 20 åra", "Du har vore flink til å halde på dialekten" o.l. Omvendt er knot eit negativt ladd ord, nærmast eit skjellsord, og den som knotar, blir sedd skeivt til. Bak den slags holdningar må det ligge førestellingar om identitet som ein statisk storleik.
Eit statisk identitetsomgrep kan legitimere krav om språklig homogenitet og tenking om språk langs ein rett-gale-skala. Eit relasjonelt identitetsomgrep derimot må nødvendigvis skape grunnlag for aksept av språklig variasjon både inter- og intraindividuelt. Det statiske omgrepet kan lett føre til språklig intoleranse og redsle for endring; det relasjonelle derimot vil per definisjon fremme språktoleranse og ei oppfatning av språkendring som noko naturlig og dermed nødvendig. Det vil også gje oss eit betre grunnlag for å forstå korleis språkendring skjer, og kvifor bestemte endringar skjer når dei skjer. Trulig vil reell respekt for eige og andres språk bare kunne eksistere om vi er i stand til å forlate ideen om at identitet er ein fast kjerne i oss som vi alltid og allstad ber med oss.
Jamvel om eg ovafor har vore inne på at det omgrepet identitet som ein kan trekke ut av Aasens psyko- og sosiolingvistiske resonnement i ymse skriftstykke, liknar mest på eit statisk identitetsomgrep, kan Ivar Aasen sjølvsagt ikkje takas til inntekt korkje for det eine eller det andre synet på identitet, all den tid han ikkje brukte ordet. Heller ikkje på Aasens tid snakka alle likt livet igjennom, men det bondesamfunnet Aasen var røtt av, var mindre skiftande og variabelt enn det urbaniserte samfunnet vi lever i i dag. Dei fleste levde trulig i meir homogene språklige omgjevnader enn vi gjør. Og det er ikkje uviktig, heller ikkje for korleis språkbrukarane i Aasens samtid kan ha oppfatta sin eigen språklige identitet. Det er iallfall rimelig å rekne med at det er stor skilnad på ein person frå førre hundreåret som budde fast i same bygda frå fødsel til død, som knapt var utafor heimbygda si nokon gong, og som bare snakka med folk som snakka same dialekt som ho sjølv, og på oss som lever i dag, som flyttar fleire gonger i livet, og som gjennom reiser kryssar dialektgrenser fleire gonger i året, og som dessutan i kvardagen har kontakt med folk som snakkar heilt andre varietetar av norsk enn vi sjølve.
Det er Aasen-år i år. Aasens verk skal feiras på ymse vis året igjennom. Trass i at målfolk med ulikt målpolitisk syn er samde om å feire Aasen-jubileum, er dei heilt sikkert ikkje samde om korleis Aasens verk best kan føras vidare inn i det neste tusenåret. Derfor vil eg poengtere at den konklusjonen eg trekker av drøftinga ovafor, er ein konklusjon som sannsynligvis vil vere temmelig kontroversiell i delar av målrørsla: Skal ein ta på alvor at identitet er eit relasjonelt fenomen, må det få som konsekvens at alt som blir kalla knot, blir stuereint. Den språklige toleransen som langt på veg omsluttar dei tradisjonelle dialektane her til lands, må utvidas til å gjelde alle slags idiolektar, alle slags språklige blandingsformer og alle typar språkkontaktfenomen. Bare gjennom ein slik toleranse som blir levd ut i praktisk språkliv, kan vi vise at den språksosiale og språkdemokratiske holdninga som Aasen målbar, er ein arv som lever vidare mellom nynorskingar.
*Takk til Dag Gundersen for god hjelp med å spore opp ordet identitet i skrifter frå det førre hundreåret.
(Tove Bull er professor i nordisk språkvitskap og rektor ved Universitetet i Tromsø)
Av Jan Terje Faarlund
Ivar Aasens Norsk Grammatik frå 1864 kan lesast på mange ulike måtar. Det ein fyrst og fremst tenkjer på, er kanskje som ein presentasjon av ei norm for det framtidige landsmålet. Men boka kan òg lesast som ei beskriving av norsk talemål på midten av 1800- talet.
Når det gjeld det siste kapitlet i grammatikken, kalla "Sætningslære", er talemålsperspektivet det mest interessante, ettersom Aasen ikkje gjer nokon freistnad på å setja opp ei norm for syntaksen i landsmålet. Aasens grammatikk er såleis ikkje berre den fyrste beskrivinga av det nye norske standardmålet, men òg den fyrste beskrivinga av norsk talemålssyntaks.
Av språkdrag som er ukjende i norrønt og i begge dei moderne skriftmåla, men som lever i beste velgåande i dagens målføre, kan vi byrja med å nemna eit spesielt system av peikande pronomen. I normalmålet skil vi mellom ei form for det nære (denne – dette – desse) og ei form for det fjerne (den – det – dei). Ei liknande todeling finn vi i norrønt. Men Aasen seier i grammatikken sin
En besynderlig Egenhed ved Ordet 'denne' er det ellers, at det paa mange Steder har to Former, hvoraf den ene bruges om en nærmere Ting og den anden (som altid ender paa 'a') om en fjernere. Saaledes adskilles: denne ( : denne her) og denna (denne der); (196) 1
Dette skiljet finn vi framleis i mange dialektar over heile landet. Den "Egenhed" som Aasen beskriv, er eit system med eit skilje langs to dimensjonar. På den eine sida har vi eit skilje mellom denne for det som er nær, og denna/den for det som er fjernare. Vidare er det eit skilje mellom dei to fjerne formene som går på to ulike typar utpeiking. Denna viser til noko som vi kan peika på i omgjevnadene eller i talesituasjonen, medan den viser til noko som er nemnt føreåt i konteksten. I dei dialektane som har dette skiljet, heiter det såleis t.d. Denna boka ønskjer eg meg til jul dersom ein talar om ei bok som ligg i butikkvindauget, men Den boka skulle eg gjerne lesa dersom ein meiner ei bok som vi nettopp tala om. Dersom ein seier denne boka, meiner ein ei bok som er nær den som talar, anten konkret eller figurleg. Dette er eit grammatisk system som Aasen observerte, og som han godt kunne ha gjort til del av landsmålsnorma, men som han altså nøgde seg med å registrera. (Ei anna sak er det at det vel låg eit normerande element i sjølve registreringa.)
Eit anna fenomen som Aasen heller ikkje ville ha med i norma si, var bruken av pronomen føre personnamn, som i han Olav, ho Sigrid. Dette er utbreitt over heile landet unnateki lengst i sør og i Bergen, men er ikkje vanleg i skrift, verken i norrønt eller i moderne norsk. Og Aasen åtvarar direkte mot å ta dette med i skriftnormalen: "dens Gjennemførelse i et Bogmaal vilde blive til Uleilighed" (308). Aasen har òg notert ein annan pronomenbruk som ikkje kan reknast til normert skriftspråk i dag, nemleg bruken av han som subjekt ved "Verber, som betyde en Foregang i Veiret eller Luften": han regner, han snjoar.
I dagens normalmål er regelen at vi har bestemd artikkel føre adjektiv + substantiv, som i den vesle jenta, dei fyrste åra. Men Aasen har òg notert ein del typar der vi framleis i talemål (og som stilistisk verkemiddel i skrift) kan utelata artikkelen. Det gjeld "naar en naturlig Egenskab ved Tingen bliver stærkt fremhævet ved Adjektivet; f.Ex. der var inkje annat enn turre Sanden; berre svarte Moldi; ned paa harde Steinen;" (311). Ein annan konstruksjonstype som framleis er i bruk i talemål, og som er særleg vanleg i Trøndelag, er samansetjing av adjektiv + substantiv, utan artikkel føre: "Gamlebaaten, Storevegen, Nyestova" (311).
Dei eksempla eg har nemnt ovafor, gjeld grammatiske konstruksjonar som var levande i talemålet på Aasens tid, og som framleis er det, utan at dei har vunni nemnande innpass i det nynorske skriftspråket. Dei finst heller ikkje i norrøn prosa (men kan for alt vi veit godt ha funnist i talemålet også på den tida). Men i tillegg nemner Aasen ein del konstruksjonar som ikkje lenger finst i talemålet, men som altså fanst på hans tid. Slike drag er da nedervde frå norrønt.
I norrønt var til dømes bruken av artiklar og andre determinativ i samband med substantiv mye meir variert enn i nyare norsk. Særleg var det vanlegare å bruka substantiv utan artikkel der vi i dag har bestemd eller ubestemd artikkel (jf. sat konungr ok dróttning í hásæti). Aasen har funni att spor etter dette gamle systemet i talemåla rundt om i landet, såleis har han notert det skal inkje koma paa Gard; det er paa Tid; det kom inkje av Flekk (304). Dei fleste ville vel bruka bestemd form av desse substantiva i dag. Her har vi eit språkdrag som stammar frå dei eldste tider, som overlevde inn i førre hundreåret, men som altså er ute eller på veg ut no.
På eit anna område er bestemd form av substantivet ubrukande i dag medan det var mogleg både i norrønt og for heimelsfolka åt Aasen. I setningar av typen det kjem ein båt; det gjekk ein mann framom oss kan vi normalt ikkje ha bestemt substantiv (*det kjem båten). Grunnen er at ein båt og ein mann ikkje er verkelege subjekt i desse setningane, men ledd som blir presenterte som noko nytt. Subjektet er det vesle ordet det. Det ser vi om vi bruker ei samansett verbalform. Da er nemleg regelen at subjektet kjem mellom dei to verba dersom det ikkje står fyrst i setninga: No har det kommi ein båt. Her ser vi at det er subjekt, for ein båt kjem etter begge verba, så det kan ikkje vera subjekt. Eit slikt ledd kallar vi "potensielt subjekt", og regelen er at det må vera ubestemt.
På Aasens tid var dette annleis: Det vil alle hava den beste. Det havde ingen høyrt um det (307). Her står orda alle og ingen på subjektsplassen, medan det er berre eit slags "fyllstoff" fyrst i setninga. Dermed kan vi gå ut frå at det berre er fyllstoff og at substantivet er verkeleg subjekt også i dei følgjande eksempla: Det synte Vegen etter deim. Det rann Sveiten. Det stod Fossen. Det dreiv Sjoen (307). Og eit verkeleg subjekt kan sjølvsagt ha bestemd form. Det systemet som Aasen beskreiv, liknar altså på det norrøne systemet med fri ordstilling, der subjektet godt kunne komma langt ut i setninga og framleis vera subjekt, som i Lifa enn nokkurir Jómsvíkingar ('nokre jomsvikingar lever enno', eller 'det lever enno nokre jomsvikingar'). Skilnaden er at norrønt også greidde seg utan noko fyllstoff fyrst i setninga.
Til slutt vil eg ta med eit sitat som viser at Ivar Aasen kunne vera overraskande framsynt. Han forklarte nemleg korfor den nye teljemåten, som var innført innpå hundreåret etter at Aasen skreiv grammatikken sin, ikkje kom til å slå særleg godt an. Han beskriv den gamle teljemåten, som var einerådande i talemålet på hans tid, og seier at den har "sin Fordeel for Velklangen, især naar et Substantiv kommer til, da man derved undgaar et Sammenstød af to Stavelser, som er lige stærkt betonede" (336) (jf. 'to og 'femti 'år, mot 'femti 'to 'år). Kanskje er dette heile forklaringa på at den gamle teljemåten viser seg å vera så seigliva?
1 Alle sitata er frå Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Universitetsforlaget 1965. Taltilvisingane gjeld paragrafane i denne boka.
Av Dagfinn Worren
Ordboksarbeidet var hovudsaka for Ivar Aasen i den filologiske verksemda hans. Allereie i planen som han la fram for Det kongelige norske Videnskabers Selskab i Trondheim sommaren 1842 om det språklege innsamlingsarbeidet han hadde fått stipend til å drive med, skreiv han at ei ordbok kom til å verte det viktigaste utbytet av målgranskinga hans. Denne tanken heldt Aasen fast ved då han la fram det første store vitskapsverket sitt, Det norske Folkesprogs Grammatik, i 1848. Der slår han fast i den innleiande setninga at grammatikken skal sjåast på som ei førebuing til en Ordbog over det norske Folkesprog, saaledes som dette forefindes i Dialekterne i Landets forskjellige Egne . Ein fullgyldig karakteristikk av Ivar Aasen som språkvitskapsmann må difor seie noko om han som ordboksmann eller leksikograf. Spørsmålet er då kva som særmerkjer ei ordbok, og kva lag Ivar Aasen hadde med desse særmerka.
Det er særleg to drag som gjev særhått til ei ordbok. Det er for det første ordutvalet, som i stor mon gjev seg sjølv av dei innsamlingsprinsippa som vert lagde til grunn. For det andre er det ordforklaringane som er viktige i ei ordbok. Ei god utforming av den ytre bunaden av ordforklaringane er sjølvsagt avhengig av at leksikografen kan handverket sitt. Men for at ordforklaringane skal verte råkande definisjonar, må leksikografen vere stø på samanhengane i det tydingsuniverset som ordtilfanget i språket uttrykkjer.
For ordutvalet til ordbøkene sine hadde Ivar Aasen strenge kriterium. Dette emnet skal vi ikkje kome inn på her, men i staden halde oss til ordforklaringane. Det er mange vitnemål om at Ivar Aasen hadde den særlege kunnskapen og givnaden som skal til for å skildre ordtydingar slik at dei intuitivt svarer til dei omgrepa eller indre bileta som folk hadde og har av dei orda han tok med i ordbøkene sine. Han kunne dessutan lage ordforklaringar som skapte meiningsfylte førestellingar av omgrepa og dermed tydingane av ukjende ord. Omgrepsskildringa og -utviklinga til Ivar Aasen var noko P.A. Munch understreka då han melde Aasens første ordbok, Ordbog over det norske Folkesprog i 1850. Munch skreiv at han hadde funne svært få ordbøker hvis Ordforklaringer i fyndig Korthed, Tydelighed og Valget af Udtryk har kunnet maale sig med Forfatterens (her hermt etter Myhren 1975:41). Meisterskapen åt Ivar Aasen som definisjonsskrivar har jamt vore nemnt seinare òg. Eit nyare autoritativt døme kan vere Alf Hellevik, som var hovudredaktør for dei to første banda av Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, det moderne framhaldet av Aasens ordbøker. I artikkelen Ordskattar i Birkeland ofl. (1968:202) dreg Hellevik ei samanlikning til Noregs neste store leksikograf, Hans Ross, og seier at han hadde ikkje Aasens evne til å forme allgyldige, presise definisjonar.
Det er derimot ikkje gjort særlege analysar som seier noko nærare om korleis Ivar Aasen fekk fram desse ordtydingane som verkar så rette og råkande. Men Norsk Maalbunad (heretter NM) gjev mykje av bakgrunnen. Dette er eit arbeid etter Ivar Aasen som Sigurd Kolsrud gav ut i 1925. I 1975 kom det ut på nytt ved Norsk Bokreidingslag. Det var nittini år etter at Ivar Aasen sjølv hadde lagt manuskriptet til side, i februar 1876. Det har undertittelen Samanstilling av norske Ord etter Umgrip og Tyding. I motsetnad til ei vanleg ordbok, der orda følgjer alfabetisk og dermed mekanisk etter kvarandre, er det den logiske og tankebundne samanhengen mellom orda som styrer oppføringa i NM.
I ei eiga innleiing gjer Kolsrud greie for både dei førelegga Aasen hadde, og korleis arbeidet med NM fall inn i arbeidsplanen til Aasen elles. Som for dei andre vitskapsverka sine hadde Aasen klare mønster for NM òg. Ei slik hjelperåd som Kolsrud nemner, er P.E. Müller: Dansk Synonymik frå 1829. Dette arbeidet fekk Ivar Aasen i hende i 1843, og her såg han korleis orda kunne stillast opp under ulike hovudemne som t d kunnskapsstell, vilje, religion, dygder og uvanar. Det kan leggjast til at i innleiinga til Müller (1829) fann Aasen ein tydingsteoretisk tenkjemåte som gav grunnar for det språklege mangfaldet som kan førekome til same omgrepet.
I 1860 vart Aasen kjend med det verket som seinare har vore føredømet for dei fleste omgrepsstudiar. Det var P.M. Roget: Thesaurus of English Words and Phrases frå 1852. Verket var skipa etter ein grunntanke som Aasen allereie arbeidde etter. Utgangspunktet skulle vere det allmenne omgrepet. Deretter skulle dei særskilde ovringane skildrast. I sjøve omgrepsskipinga er Roget (1852) ikkje noko beinveges førebilete. Roget har såleis seks hovudbolkar: Abstract Relations (´høgre samanhengar´), Space (´rom´), Matter (´emne´), Intellect (´tankekraft´), Volition (´vilje´) og Affections (´kjensler´). I NM er det berre fire hovudbolkar: Frumverket (´skaparverket´), Emne, Umstøda (´omstende, situasjon´) og Mannsfora (´menneskeleg lag og åtferd´). Berre hovudbolken om ´emne´ er sams for Aasen og Roget. For Aasens eine bolk om ´menneska´ har Roget tre bolkar. Resten er ulikt skipa. På det lågaste inndelingsnivået har Roget også ei finare inndeling enn Aasen. Roget har 997 bolkar mot 315 hos Aasen. Det var såleis ikkje i den semantiske inndelinga Aasen først og fremst fann støtte hos Roget, jamvel om det somme stader finst nemningar som syner nær slektskap, såleis under bolk 235 der Vitring er forklart med Signification, Communication. Påverknaden ser heller ut til å gjelde den inste formelle inndelinga på det lågaste semantiske nivået. Der grupperer både Roget og Aasen etter ordklasse når dei har med anna enn substantiv.
Frå bolk 221. Tanke, som høyrer til den høgare kategorien XXII. Vit under hovudbolken D. Mannsfora, kan vi sjå på eit utdrag som syner skipinga greitt. Bolk 221 har tre semantiske undergrupper: a) Tykkje (Tanke), b) Von og c) Hugsviv. Under c) Hugsviv er ordflokken skipa slik:
– Draum. Fima. Grilla. Hugsviv. Hugleik. Kvims. Nykk. Snygg. Sviv. Vasl. Vim. Ølsla. Ørgjønor. – Grisetankar. V.- breka. drøyma. hyrgja. masa. prima. skjaasla. tulla. tøva. vasla. vima. yvja. ølast. ørsla. øsast. Adj. - breksam. kvimen. kvimsut. titevill (?). tøvutt. vimutt.
Ordninga er alfabetisk, men somme gonger kjem det tillegg til slutt, som t d Grisetankar. Det ser ikkje ut til at stilnivå har noko å seie for slike tillegg. Det gjeld heller at ordtydinga er i utkanten av det semantiske feltet.
Som det vesle utdraget syner, er NM også eit viktig terminologisk arbeid, og har då også med mykje av det nyskapte tilfanget frå Heimsyn (1875). I dette verket utfaldar Aasen seg på førebiletleg sakprosa om mange av dei emna som NM femner om.
Det var særleg etter dei to store ordboksutgjevingane i 1850 og 1873 at Aasen arbeidde med å skipe det norske ordtilfanget i eit omgrepssystem. Det hadde sjølvsagt samanheng med at han i det alfabetiske ordboksarbeidet stendig måtte gje slepp på å skildre tydingssamanhengar fullnøyande. I Norsk Ordbog (1873) har han fleire tilvisingar og synonym enn i 1850-ordboka. Likevel kan det ikkje verte ei fullgod omgrepslære, slik som NM langt på veg er for si tid.
I definisjonsutforminga av ordtyding er første steget å gå til næraste overomgrepet, for så å avgrense dette overomgrepet med det eller dei særdraga som trengst for å skilje det aktuelle omgrepet frå systeromgrepa. Med di forklaringane i Norsk Ordbog er på dansk, kan det ikkje beinveges synast korleis Aasen følgde systematikken i omgrepsstrukturen han legg fram i NM. Men slår vi opp på Grilla, som vi har under bolken Hugsviv ovanfor, ser vi likevel kor sikker og råkande forklaringa i definisjonen er. Ho er ordlagd som fix Ide . Ide svarar då til Hugsviv som overomgrep, og fix sørgjer for den turvande karakteristikken, slik at omgrepet attom nemninga Grilla er lettskjønleg skildra.
Vi er her ved kjernen av Aasens meisterskap i definisjonsskriving. Ingen før han, og knapt nok seinare heller, har hatt eit slikt systematisk oversyn over omgrepsstrukturen i den norske tanke- og tydingsverda. Med di han sjølv ikkje gav ut NM, verkar det som han i dette arbeidet var ved grensa av yteevna si. Systematisk tydingsskildring er då også det vanskelegaste feltet i språkvitskapen. Noreg ventar framleis på Norsk Maalbunad for 2000-talet.
Tilvisingar:
Birkeland, Bjarte, Reidar Djupedal, Alf Hellevik og Dagfinn Mannsåker (red.)1968: Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo: Det Norske Samlaget.
Myhren, Magne (red.) 1975: Ei bok om Ivar Aasen. Oslo: Det Norske Samlaget.
Müller, Peter Erasmus 1829 (her etter 3. utgåva 1872):Dansk Synonymik. Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel (F. Hegel).
Roget, Peter Mark 1852 (her etter 1992-utgåva): Thesaurus of English Words and Phrases. London: Bloomsbury Books.
Aasen, Ivar [1876 (her etter 1975-utgåva]: Norsk Maalbunad. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
– 1873 (her etter sjette utgåva 1983) Norsk Ordbog. Oslo: Fonna Forlag.
Av Vigdis Ystad
Ivar Aasens skjønnlitterære forfattarskap er ikkje omfangsrik. Han let etter seg berre ei diktsamling – Symra frå 1863, med 24 dikt eller "Visor", som Aasen smålåtent kalla dei, ramma inn av føre- og etterkvæde. I tillegg til dette finst ei rad spreidde dikt, dels prenta i aviser og tidsskrift mens diktaren enno levde, dels etterlatne som manuskript. Einaktaren Ervingen (1855) er Aasens einaste drama – og vårt første på nynorsk. Også dette inneheld ei rad dikt og stev. I dramaet er nok den formelle meisterskapen mindre enn i lyrikken. Men etter førsteoppføringa av skodespelet heldt Aasmund O. Vinje likevel fram at "Det er et Stykke af stor Betydning i national Henseende baade for vort Sprog, vor Scene og vor Sundhed i Opfatningen. [...] Det er givet efter en Lov, som Alle maa lyde; man kalde den Fornuftens eller Poesiens [...]." Emnet (som er ei åtvaring mot utvandringa til Amerika og ser idealet i eit forpliktande kvardagsliv i heimgrenda) er ålmenngyldig – eller "allgildt", med Vinjes ord.
Her rører nok Vinje ved det som også var siktemålet for Aasen sjølv med alt han skreiv av skjønnlitteratur. Både førestevet og etterstevet til diktsamlinga Symra nemner det allgilde som eit høveleg emne for poesien, og talar ope om trongen til å skrive dikt som kan vere til hjelp og nytte for vanlege lesarar: Diktinga skal vere ei atterspegling av folket sine tankar; lette hugen og vekkje mod. Siktemålet for Aasen var å skrive folkeleg nyttepoesi som kunne verke frigjerande og sanningsskapande.
Aasen gav ut Ervingen og Symra midt i førre hundreåret. Romantikken, som sette diktargeniet og den skapande originaliteten i høgsetet, var ikkje lenger den rådande litterære retninga. Den såkalla poetiske realismen hadde kome i staden, og med den eit syn på dikting som viste slektskap med samtidsfilosofien – til dømes hjå ein så sentral tenkjar som Søren Kierkegaard. Forenkla kunne ein seie at det estetiske var avløyst av det etiske som berande verdi. Den poetiske realismen var oppteken av sanning og idealitet - og av at det kunstnarlege uttrykket skulle setje det ålment-etiske over det høgtsveipande og subjektivt-kjensleladde. Det lokale og kvardagen kom inn som nye litterære emne, og "objektiv" vart eit honnørord. Det var ikkje berre Aasen som let seg kveikje av eit slikt program – vi finn det og hjå forfattarar som Johan Ludvig Heiberg, Steen Steensen Blicher, i Asbjørnsens rammeforteljingar til eventyra og i Jørgen Moes dikting.
Aasen sjølv har skrive fleire dikt der han ope vedkjenner seg eit slikt syn. Det største av dei ber tittelen "Dikt og Sanning". Her held han fram at "sanning" ikkje tyder flat realisme eller etterlikning, men er eit reinska, poetisk uttrykk for eit sant etisk liv. Diktaren må gå til botnar i emnet og skilje mellom overflate og djupare meining:
Dat lause fraa dat faste skal han sundra,
paa Skal og Kjerne skal han gjera Skil.
[...]
Og kann han stiga høgt og inkje svimra,
so hev' han høgste Skalde-Namnet teent.
Men tryggar' er aa byggja traust paa Tufti
en reisa Spildre-Verk i lause Lufti.
Dette litterære programmet var styrande for alt Aasen skreiv. Han dikta ikkje høgtsveipande om romantisk kjærleik eller sterke personlege kjensler. Han skreiv heller ikkje "tidsrette" nasjonalromantiske dikt om nøkken og huldra – men i staden monumentale fedrelandsdikt, dikt med historiske emne, dikt om sed og skikk og kvardagsliv.
Sumt av dette er kanskje vel "traust". Det smakar av snusfornuft når diktaren åtvarar mot bylivet og farane ved den moderne kulturen – eller manar til smålæte og varsemd, som i "Tolugt Mod" (frå Symra):
Tolugt Mod er godt aa hava.
Tidt mot Straumen fær du kava,
um din Rett er nog so god.
Ymist fær du sjaa og høyra,
som er ilt i Syn og Øyra;
tak det alt med tolugt Mod.
Også "Dei vil alltid klaga og kyta" (frå Ervingen) er ei hylling av fornuft og varsemd:
Dei vil alltid klaga og kyta
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.
Mange slike strofer ber minningar av livsvisdomen i det gamle Hávamál – som heller ikkje er fritt for snusfornuft. Men Aasen er ikkje utan humor. Han har og ei rekkje ironiske og beint fram satiriske dikt der måtehald og klokskap står fram som dei underliggjande verdiane. "Lovtale yver Culturen" (trykt i Vinjes blad Dølen, 1866) driv gjøn med ein overdriven trong til framandord og kulturell snobbeskap:
Kvar som helst me taka Touren
faa me høyra um Culturen
[...]
Alt som daa er primitivt,
antiqverad og naivt,
lyt han refsa effektivt,
so det rømer successivt.
Soleid skal det trivielle
vika for det ideelle,
alt det smaa og specielle
jamnast i det generelle.
Aasen driv også gjerne ap med dei som talar store ord om den ærerike noregssoga, mens dei liten eller ingen age har for følgjene av denne soga – nemleg det folkelege livet i notida (til dømes det etterlatne diktet "Festtalar" frå om lag 1860). Det er livet i samtida som er hans eige emne – og i skildringa av det norske landskapet og folkelivet kan han stundom skape monumentale vers.
I Symra finn vi fleire av dei beste - slike dikt som "Gamle Norig", "Nordmannen", "Dei gamle Fjelli" og "Gamle Grendi". I "Gamle Norig" vert landet i den første strofa sett i fugleperspektiv, før diktaren i den neste går vidare med å skildre årstidene som skifter over landskapet og til sist: det folket som bur der. Versa er storfelte og enkle:
Der er Hav, som heilt aat Endom
leikar um den lange Strand.
Der er Vikar og Votn og Øyar,
tusund Fjordar og tusund Fjell,
[...]
Stora Dagar og Stutta Næter
lida lett um den ljose Jord;
Strand og Fjord og Fjell og Sæter
skiner av Sol fraa Sud og Nord.
[...]
Van til Møda, meir enn til Kjæla,
leikar Lyden paa Land og Sjo.
Den norske versteoretikaren Hallvard Lie har peika på korleis dette diktet er eit meisterstykke i moderne stavrimdikting – her har Aasen yngt opp att det gamle norrøne fornyrdislag (markert ved opphaldet midt i kvar line og ved bokstavrimet). Like monumentalt er "Dei gamle Fjelli", som på liknande vis sameinar menneske og natur men slik at naturen, sjølve landet, er det som står fast og trygt gjennom all menneskeleg omskifting: Aasen talar om "Havet kring um Strenderna/med Skip som Fuglar smaa" og "Fjelli kring um Grenderna/med tusund Bakkar blaa" – og så einfelt det kan verke, er dette likevel ekte poetisk. Gleda hos sjømannen i siste strofe er godt førebudd gjennom den enkle, men kjensleladde skildringa i dei fire føregåande strofene:
Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.
Aasens fedrelandsdikt er "allgilde" i Vinjes meining av ordet. Slik er dei også skylde andre av dei beste dikta i Symra – til dømes det vakre "Sumarkvelden", der Aasen ikkje fornyar det norrøne formmønsteret, men i staden nyttar den søreuropeiske oktaven (ottava rima, ei åtteversa strofe med faste reglar for så vel innhald som rimsetting). Diktet kan minne om Goethes vidgjetne "Über allen Gipfeln", og er eit vakkert uttrykk for vekslinga mellom liv og daude – og ei skildring av den dirrande augneblinken då den nordiske sumarnatta legg sitt bleike ljos over landskapet. Ikkje eitt unyttes ord, ikkje eitt "følande" uttrykk er nytta – men det enkle språket er likevel tunglasta av kjensler:
Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite Drag.
[...]
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge fuglen kurer, trøytt av Dagen,
og rosutt Fivreld' roar seg i Hagen.
Også dei få gongene Aasen skriv dikt med meir personlege kjensler som emne, er språket like reinska og "allgildt". Om ulukkeleg kjærleik handlar "Den tyngste Sorg og Møda" (frå Ervingen 1855), og "Fyrtiande Fødedagen" (1853) sviv kanskje om Aasen sjølv og kjensla av å ikkje ha lukkast i livet:
Natti kjem, og Foten er trøytt,
og inkje er Hus paa Heidi.
Beste Tidi heve du øydt,
alt fyrr du kom midt paa Leidi.
Her rører Aasen ved ei kjensle som smyg seg mellom linene i mange av dikta hans – endå han som oftast dekkjer det til bak objektive og stundom ironiske vers. Men den som les noggrant, finn ein tråd av sorglynde – med eit framandord: melankoli – i forfattarskapen. Her er halvt humoristiske eller ironiserande dikt om kjærleikssorg – eller sorg over å leva i "Det einslege Standet". Men Aasens tunglynde er meir omfattande og stikk djupare. Han kan i mangt synast som ein kulturpessimist med større sans for tradisjonar enn fornying. Og i "Hugverk" (1850) gir han uttrykk for eit djupt og uforklårleg personleg mismod som ligg depresjonen nær:
Tankanne sviv so vidt ikring,
dei tæk so undarleg Stemna.
[...]
Hugjen er tung og ille sett;
eg veit ikje kvi eg tregar.
[...]
Stjernunne blinkar og Maanen skin,
da stillest i Lægd og Lider.
Aldri da stillest i Hugjen min,
han endaa verkjer og kvider.
Uttrykket har minningar av folkevisa – og er samstundes noko av det mest personlege og poetiske Aasen har skrive. I slike dikt kjem vi den einsame "rasjonalisten" nær inn på livet – og ser at diktinga til Aasen rommar langt meir enn turr nyttepoesi og kvardagsrealisme. Det enkle ordet kan vere like kjensleladd som det meir kunstferdige uttrykket. Her står vi vel og ved forklåringa på kvifor det beste av det Aasen skreiv, er levande den dag i dag.
Av Terje Aarset
Eit av dei eldste vitnemåla vi har om at Ivar Aasen var musikalsk, har vi etter voldingen Johannes A. Barstad (1857–1931). Far hans hadde hatt Ivar Aasen til lærar den tida han heldt omgangsskule i Ørsta. Det faren hugsa best frå desse skuleåra, var at Ivar "stødt hadde so mykje morosamt aa fortelja, og so song han so gildt". Barstad møtte mange som mintest Aasen frå ungdomsåra hans. "Folk hev fortalt kor vent det var, naar dei fór framum sundagsmorgnane, aa høyra honom Aase-Andreas sitja uppe i Aasetunet og syngja".
Som omgangsskulelærar laut Ivar Aasen lære seg å spele på salmodikon. Vi veit også at han kunne både lese og skrive siffernotar, og det kan han ha lært alt i skulemeisteråra.
Fem Viser
I ungdomsåra skreiv Ivar Aasen ei rekkje dikt, og dei eldste kan tidfestast til 1825. Desse dikta har oftast religiøst innhald, og dei fleste er longe gløymde. Aasen ville seinare ikkje kjennast ved dei dikta han hadde skrive før 1840.
I 1837–38 tok Aasen til å granske heimemålet sitt og tok det etter kvart også i bruk i dikting. I 1843 gav han ut på Ekset "Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog" (skrivne 1840–41). Dei fem visene var "Fiskarvise", "Vìnskap", "T"nestaa i Pe-Gara", "Giftar-taanka" og "Tausakjærings-Vise". "Grønlands-Reisa" skulle òg vere med, men vart prenta for seg i 1848. Denne visa vart seinare omarbeidd i 1880-åra.
"Desse visene set det store skiljet i Aasens utvikling som diktar," seier Aasen-kjennaren Reidar Djupedal. Med desse bygdemålsvisene hadde han "lagt av all den lånte stasen og vorte seg sjølv", og folk kjende seg att i visene.
Det var frå fyrste stund viktig for Aasen at songane hadde tonar som høvde, og han dikta gjerne på tonar som folk kjende. Dei tre fyrste av "Fem Viser" har tonetilvising til andre kjende songar, og dei to andre er skrivne i versemål som det var lett å finne tonar til. På denne måten kunne det vekse fram folketonar til Aasen-visene. I samlingane etter Catharinus Elling og O.M. Sandvik er det særleg mange tonar til desse fyrste fem visene som kom på prent.
Når det gjeld "Grønlands-Reisa", var Ivar Aasen kjelde for den tonen L.M. Lindeman har med i Ældre og nyere Norske Fjeldmelodier (1863, nr. 518), men Lindeman skriv likevel berre "Søndmør" over tonen.
Elles hadde Lindeman skrive ned ein folketone etter Aasen alt i 1848. Det var ein tone til "Draumkvedet", "nedskreven af Hr. Lindeman efter Hr. Ivar Aasens Sang". Tonen kan Aasen ha lært i Telemark, og Djupedal meiner at heimelsmannen hans kan ha vore Olav Glosimot i Seljord, som Aasen vitja i 1845. Elles minner denne tonen mykje om tonen til "Fyrestev" i tonetillegget til Symra (1875).
Ervingen
I 1855 gav Aasen ut spelstykket Ervingen. Sangspil i een Akt. Stykket inneheld åtte songar (to av dei er skiftesongar) og ein stevleik.
Som drama har Ervingen vore rekna for å vere heller veikt. "Når stykket likevel er levande dikting i dag, heng det saman med det biletet Aasen gir av bygdelivet, den tendensen han legg inn i stykket, og dei innfletta songane," skriv Johs. A. Dale, og nokre av songane i stykket vart tidleg folkesongar.
Til framføring på teatret laut tonane til songane førast over på notar. Opphavleg var det tanken at Aasen skulle få hjelp av Lindeman til dette; dei hadde hatt samarbeid om tekster og tonar før, og Lindeman hadde brukt Aasen som folketonekjelde. Men dette samarbeidet vart det ikkje noko av. Kanskje hadde Lindeman mistanke om at somme av tonane i Ervingen ikkje var folketonar som Aasen hadde lært gjennom tradisjonen, seier Djupedal. Når Aasen fekk spørsmål om dette, veik han unna og ville helst ikkje svare. Alt i samtida var det difor dei som meinte at Aasen sjølv hadde laga nokre av tonane i Ervingen.
Det enda med at Aasen gjekk til kapellmeisteren på Kristiania Norske Theater, italienaren Paolo Sperati (1821–84), og "meddelte" han melodiane, det vil seie at Aasen song føre og Sperati skreiv opp tonane etter han.
Alle songane i Ervingen har tonetilvisingar og notar. Ved to av dei viser Aasen til songar som folk kjende; "Her er dat Land" kan syngjast på tonen til "Manden og Konen satte sig ned" og "Dan tyngste Sorg og Møda" på "Jeg gik mig ud spadserende". "Dei træla" har melodi "efter en Slaatt", "Dei vil altid klaga og kyta" kan syngjast "Efter en Stevmelodie fra Bergens Stift" og "Hava me gløymt vaare gamle Stev" etter "Stevmelodie fra Tellemarken".
Dei tre andre songane har "Egen Melodie". Det er "Du Sundagskveld", "Aka paa Isen haale" og "No er alt so godt og vel". Det var truleg desse tre siste tonane Lindeman mistenkte Aasen for å ha laga sjølv.
Nokre av songane i Ervingen vart tidleg folkesongar; det galdt særleg "Her er det land" og "Dei vil alltid klaga og kyta".
Symra
Diktsamlinga Symra kom ut anonymt i 1863. Boka hadde undertittelen "Tvo Tylfter med nya Visor". Det syner at Aasen frå fyrste stund hadde tenkt at dikta skulle syngjast – eller kvedast, som det står i "Fyrestev". Difor er Symra ikkje berre mor åt den nynorske lyrikken, men også den fyrste nynorske songboka.
Endå om fyrsteutgåva av Symra hadde nokre tilvisingar til tonar folk kjende ("Kjerringa med Staven", "Je teente paa Kjølstad i Fjor" o.fl.), så vanta mange av dikta tonetilvisingar, og det kom difor tidleg spørsmål om eit tonetillegg.
Den fyrste som emna på ei tonesamling til Symra, var ørstingen Hans Mo (1835–1920), som var lærar i Bergen. Mo var med i Vestmannalaget. I august 1869 skreiv han eit brev til Ivar Aasen og baud seg til å gje ut ei tonesamling til Symra. Det vart ikkje til at Aasen svara på brevet frå Mo. Grunnen var truleg at han på denne tida var mykje oppteken med Norsk Ordbog.
Det skulle bli ein annan nordvestlending som kom til å gje ut notar til Symra-songane: Jakob N. Kobberstad (1840-1919) frå Breim i Nordfjord. Han kom til Volda som lærar på Voldens høiere Almueskole i 1861. Kobberstad var svært gåverik og hadde allsidige interesser. Særleg brann han for songen og musikken. I 1874 vart han lærar ved Asker seminar og slo seg seinare ned i Kristiania.
Alt i 1860-åra hadde han brevskifte med Ivar Aasen. Fyrste brevet frå 1862 galdt Ervingen. Av svarbrevet frå Aasen går det fram at Kobberstad har tinga heile 50 eksemplar av Ervingen. Men så mange kunne ikkje skaffast, melde Aasen frå bokhandlar Cappelen, som hadde boka i kommisjon. Dette fortel oss likevel at Kobberstad og allmugeskulen må ha vore ein viktig kanal for å spreie Aasen-songane på Sunnmøre og i Nordfjord.
Fyrste gongen Kobberstad vitja Aasen, var truleg hausten 1866. Etter at Kobberstad flytte austover, møttest dei jamt, ofte hjå sunnmøringane Johannes Welle (1828–93) eller Rasmus Aarflot (1829–88), og då var gjerne mange samla.
Når dei kom saman om kveldane, song dei ofte Symra-songar. Aasen song føre, for han hadde tonar til alle songane. "Han var 'kje nokon nattergal, han Ivar," skreiv Kobberstad seinare. "Røysti var grugget, men eit ovlege fint øyra hadde han." Arne Bergsgård har skildra det slik: "Aasen song føre; då sat han som ein gamal bondekall, noko framoverlutt og med hendene på knea, vogga kroppen og støytte hendene imot kvarandre i takt med songen."
I oktober 1874 la Aasen siste hand på tredje utgåva av Symra. Den nye utgåva med "Notar til Songarne i Symra ved J.N. Kobberstad" kom i slutten av mai 1875.
Symra-utgåva frå 1875 er ei samling på 24 dikt. I tillegg kjem "Fyrestev" og "Etterstev". I tillegget står alle dikta med notar så nær som nr. 14 ("Ymse Vasarlag") og 23 ("Livet"), der det er vist til "same Notar som Fyrestevet".
Då tonetillegget kom ut, var mange av Symra-dikta alt innarbeidde med folketonar. Mange dikt var dessutan beintfram skrivne til folketonar, tonar som Aasen hadde høyrt og lært på dei mange og lange ferdene sine landet over.
Men så hadde Aasen også nokre tonar som han ikkje heilt kunne gjere greie for. Når Aasen i samtida vart spurd om kvar han hadde dei frå, sa han berre at det var "ein norsk tone" eller "ein tone frå Møre". Alt i samtida var det mange som meinte at det var Aasen sjølv som då var tonediktaren, men dette har det vore svært vanskeleg å få stadfest.
For nokre år sidan kom det for dagen nokre brev som langt på veg gjev oss svar på desse spørsmåla. I desember 1908 skreiv Lars Søraas (1877–1925) eit brev til Jakob Kobberstad. Søraas, som på dette tidspunktet alt hadde gjeve ut mange songbøker for folkeskulen, innleier med at han ofte har vore "i vildrede med hensyn til enkelte av disse melodiers oprindelse", og han bed Kobberstad gjere greie for kva tonar han sjølv har laga, og kva for tonar Aasen kan ha laga.
Svaret frå Kobberstad kom etter vel ein månads tid. I brevet fortel han utførleg og levande om hopehavet med Aasen om Symra-songane. Det var i 1866 at Aasen og han tok til å emne på ei tonesamling. Truleg var det seint på hausten, for den 7. november har Aasen notert "Langt Besøg af Kobberstad" i dagboka si, og 13. desember skildest dei. Kvifor det likevel skulle gå heile ni år før samlinga kom ut, gjev han ikkje noko svar på.
Plassen her tillèt ikkje at vi går nærare inn på kva som står i brevet, men vi skal leggje fram delar av "fasiten", "Symra-lundarne sit upphav", som Kobberstad har sett til overskrift på siste sida av brevet.
Kobberstad hadde sjølv sett tone til fem av dikta: "Vaardagen", "Haustvisa", "Saknad", "Det einlege Standet" og "Fals og Fusk".
Seks songar "er av Aasen". Tonen til "Nordmannen" er "tvillaust av Aasen". Det er tonen til "Dei vil alltid klaga og kyta" frå Ervingen. Dei andre fem er tonane til "Dei gamle Fjelli", "Heimvegen", "Gamle Grendi", "Tjon og Von" og "Hugen til Rikdom".
Av desse tonane er tonen til "Dei gamle Fjelli" einerådande i dag. Tonen til "Gamle Grendi" vart etter kvart avløyst av ein tone av Rasofiel Rise frå Hareid. Men endå kan ein møte dei som berre har lært Aasens tone til denne songen. Dei andre tonane av Aasen er mindre kjende i dag.
I 1919 hadde bladet For Bygd og By ein artikkel om tonediktaren Ivar Aasen. Forfattaren, som er anonym, byggjer tydeleg på ein samtale med Kobberstad. Dersom ein held saman det som kjem fram der, med det som står i brevet frå Kobberstad til Søraas, er det svært godt samsvar. Dei same tonane er tillagde Ivar Aasen. I songbøkene til Lars Søraas d.e. og Lars Søraas d.y. (1887–1976) er Ivar Aasen ført opp som tonediktar ved "Dei gamle fjelli", "Dei vil alltid klaga og kyta" og "Gamle grendi".
Hadde Ivar Aasen kunna "sjå att på jordi", hadde han truleg likt dårleg at namnet hans på denne måten vart knytt til tonane. For som Djupedal seier i etterordet til siste utgåva av Symra, det var ille nok at folk visste at han dikta, om dei ikkje òg skulle få greie på at han komponerte.
Av Endre Brunstad
Nokre har ei oppfatning om at det arbeidet Ivar Aasen gjorde, var eit eineståande og særnorsk verk. Men tek vi eit blikk utanfor landegrensene, oppdagar vi snøgt at reisinga av eit nynorsk skriftmål på 1800-talet var ein del av eit større, internasjonalt fenomen. I fleire europeiske samfunn reagerte ein på denne tida mot å ha eit skriftmål og eit normaltalemål frå eit anna land. Drivkrafta i denne reaksjonen var nasjonalismen, men òg sosiale og pedagogiske årsaker låg til grunn. Såleis vart det kodifisert og stridd fram nye skriftnormalar i Finland, Serbia, Kroatia, Ukraina, Catalonia, Friesland, på Færøyane og i fleire andre land. Vi skal her stoppe opp ved to av dei skriftspråka som vart reiste om lag på Ivar Aasens tid, nemleg færøysk og frisisk.
Færøysk
I mellomalderen var Færøyane norsk skattland og ein del av det norrøne språk- og kulturfellesskapet. Færøyane fylgde med Noreg i unionen med Danmark, og etter reformasjonen vart lov- og kyrkjespråket på øyane dansk. Dei mange danskspråklege embetsmennene som reiste til Færøyane, lærte seg sjeldan færøysk. Når folk vende seg til desse, måtte dei leggje om talemålet sitt i retning dansk. I hovudstaden Tórshavn var det nødvendig å samtale med danskar dagleg, og frå eit slikt kontaktbehov oppstod ei blanding av dansk og færøysk, gøtudansk.
Den fyrste som påviste det problematiske ved målstoda på Færøyane, var studenten Jens Christian Svabo (1746–1824). I Indberetninger fra en Reise i Færøe 1781 og 1782 skreiv han at dersom ein skulle berge færøysk frå å døy ut, måtte ein gjere noko drastisk. Han kom med framlegg til ei ny, ortofon rettskriving for færøysk, men mest som eit eksperiment - han meinte det eigentleg ville verte for upraktisk å innføre eit færøysk skriftspråk.
Den som arbeidde ut ein færøysk språknormal, var presten V.U. Hammershaimb (1819–1909). Han samla inn materiale frå alle dei færøyske dialektane, og jamførte dei med kvarandre og med norrønt. På grunnlag av denne jamføringa konstruerte han ein skriftnormal. Denne framgangsmåten var nokså lik den Ivar Aasen valde for landsmålet, men Hammershaimb gjekk meir etymologisk til verks, og nytta former som ikkje fanst i talemålet lenger.
Kimen til ei færøysk målrørsle finn vi blant færøyske studentar i København som skipa Føroyingafelag i 1881. I 1889 vart det òg skipa eit færøysklyndt lag på Færøyane, Føringafelag. Dette laget vart ein viktig diskusjonsarena og gav ut den fyrste færøyskspråklege avisa. Også dei frilyndte ungdomslaga var viktige i arbeidet for å gi færøysk status.
Gjennom strid og slag har ein så vunne plass for færøysk språk. Særleg i etterkrigstida, då Færøyane har hatt sjølvstendeavtale med Danmark, har færøysk kome i bruk i stendig fleire domene, og er no offisielt språk ved sida av dansk. Trass i at Færøyane med sine 43 000 innbyggjarar er eit av dei minste språksamfunna i verda, har færøysk ein solid plass.
Frisisk
Frisisk vert nytta i Friesland, ein provins nordvest i Nederland, og er der offisielt språk ved sida av nederlandsk. Det bur om lag 580 000 menneske i Friesland, og språkgranskinga Taal yn Fryslân (1984) viser at halvparten av dei nyttar frisisk dagleg i tale. Talet på skriftbrukarar er monaleg mindre enn dette, og sjølv om ein i dei siste tiåra har fått ei viss frisiskundervisning i skulen, er frisisk sterkt pressa av nederlandsk. Like fullt finst det eit frisisk skriftliv, med skjønnlitteratur, barnelitteratur, nokre tidsskrift, eit språkakademi, etc.
Historisk sett er frisisk eit gamalt språk, og fram til 1500-talet vart det nytta som rettsspråk i eit område som var langt større enn dagens Friesland. Men ved inngangen til 1500-talet rakna det politiske sjølvstendet for Friesland, og det vart politisk og økonomisk underlagt provinsen Holland. Samtidig fekk det frisiske skriftspråket dårlegare vilkår, og vi finn i perioden 1500– 1800 svært fåe frisiske tekster. Som talemål i uformelle samanhengar heldt frisisk rett nok stand, men i byane tok fleire til å tale eit blandingsmål mellom frisisk og nederlandsk, stedsfrysk (byfrisisk).
Vi kan jamføre denne utviklinga med det som skjedde i Noreg og på Færøyane; også der vart ein politisk underlagt ei framand makt (Danmark). Samtidig gjekk det norske skriftmålet under. Og til liks med folket på den frisiske landsbygda heldt ein i dei norske bygdene fast ved dialekten, medan dei kondisjonerte i byane etter kvart tok til å tale den dannede dagligtale , ei blanding av norsk og dansk.
Dagens frisiske skriftnormal spring ut av målreisinga på 1800-talet. Den oppstod fyrst som ei nasjonalromantisk interesse for frisisk språk og kultur blant den frisiske eliten. På 1820-talet kom det såleis ut fleire vitskaplege arbeid om frisisk språk, og i 1827 vart det danna eit lag for å fremje granskinga av frisisk språk og historie, Friesch Genootschaap van Geschied-, Oudheid- en Talkunde. Ut frå innsamlinga av tradisjonsstoff oppstod det eit normproblem: Korleis skulle frisisk skrivast? Etter ein del strid samla frisarane seg om ei norm basert på eit framlegg frå Joast Hiddes Halbertsma (1789–1869). Han ville byggje skriftmålet mest mogleg på talemålet i samtida, ikkje på gamalfrisisk, og tok utgangspunkt i éin dialekt, klaai-frisisk. Den var mest utbreidd og minst påverka av nederlandsk, og hadde såleis mange gamle former òg.
Ei viss demokratisering av den frisiske målrørsla skjedde i 1844, då Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse vart skipa. Demokratiseringa vart sterkare mot slutten av 1800- talet, då det gjekk føre seg ei kopling mellom arbeidarrørsla og målrørsla. Ein peikte på at språksituasjonen i Friesland verka sosialt diskriminerande: Bønder og arbeidarar som ikkje kunne formulere seg godt på nederlandsk, greidde ikkje å hevde seg i samfunnsdebatten. Dette omsynet til folkeopplysning kan vi òg seie var ei viktig drivkraft i strevet med å byggje opp ei nynorsk offentlegheit i Noreg på 1800-talet.
I mellomkrigstida var Jongfryske Mienskip (Ungfrisisk samfunn) dei fremste talsmennene for frisisk; dei formulerte eit program for å gjere Friesland meir sjølvstendig og frisisk meir utbreidd. På denne tida fekk den frisiske rørsla òg ei viss gjennomslagskraft blant folk flest. Men då ein del av leiarane i rørsla kom til å støtte nazistane under krigen, vart rørsla marginalisert etter 1945. På 1970- og 1980-talet skjedde ei viss revitalisering av den frisiske rørsla, då vart ho kopla til arbeidet for desentralisering og grøne verdiar. Rørsla har dei siste åra fått ein del gjennomslag for forsøk med tospråkleg undervisning, og set no sin lit til at frisisk kan haldast oppe gjennom ei medviten tospråklegheit.
Færøysk og frisisk er saman med nynorsk døme på språk som vart reiste på 1800-talet, og som gjennom kamp har fått eit visst rom ved sida av eit anna dominerande språk. Saman illustrerer dei den internasjonale sida ved fenomenet målreising.
Av Olaf Almenningen
Om ein vil prøva å finna ut kor mange som bruker nynorsk i Noreg i dag, skal ein jamt hugsa på at ingenting er så lett å slå kvarandre i hovudet med som tal og statistikkar. Medan bokmålsfolk legg mest vekt på skriftmålsstoda, peikar ein på nynorsksida helst på det breie talemålsgrunnlaget nynorsken har. På den måten får begge grupper fine tal å stø seg til, og kan slå seg til ro med det. Eit anna særdrag ved språkkløyvinga er at ho har vore forunderleg lite brukt og gjennomlyst av synsarar og meiningsmålingsinstitutt opp gjennom åra. Kvar har det vorte av dei norske kultursosiologane?
Spørsmålet er om det i det heile finst tal og granskingar som er sætande nok til at dei held for begge sider. Då er det på sin plass å gjera merksam på at Statistisk sentralbyrå har lagt fram årlege målstatistikkar heilt sidan 1930, og både det tidlegare Kyrkje- og undervisningsdepartementet og kamporganisasjonane har òg kome med sine oversyn. Frå nynorsk synsstad må me her halda fram "institusjonen" Peder Hovdan (1874–1965) som førde statistikk over målbytet frå bokmål til nynorsk heilt frå hundreårsskiftet og fram til 1960. Mest kjent er kanskje det store målkartet han laga for Fonna Forlag i 1948.
Me har såleis rimeleg pålitelege tal å halda oss til, førde i pennen av dei offentlege instansane som kan dette, og det burde vera grunnlag godt nok for både nøytrale tolkingar og velmeinte spådomar frå fleire kantar.
Det kan likevel vera vanskeleg å måla det nøyaktige talet på nynorskbrukarar i eit språkkløyvt land med to nærskylde skriftmål som bokmål og nynorsk. Somme skriv fint lite, andre brukar mest dialekt når dei skriv personlege ting, medan andre att vekslar mellom bokmål og nynorsk i store periodar av livet. Mange glir over frå nynorsk til bokmål på grunn av presset frå fleirtalsmålforma, medan ei lita gruppe tek steget over til nynorsk, ofte ut frå språkpolitiske og ideologiske grunnar. Somtid er målbruken knytt til yrke og ombod i samfunnet, og kan gå på tvers av det personlege målvalet. Det sit altså mange nynorskfolk og er byråkratar i bokmålskommunane og -fylka landet rundt, og ein del bokmålsbrukarar lyt skriva nynorsk i tenesta si i dei nynorskstyrde delane av landet. Dertil kjem det faktum at alle som i dag går gjennom det vanlege norske skuleverket, frå og med grunnskulen og til og med den vidaregåande skulen, skal læra seg å meistra både nynorsk og bokmål skriftleg. Denne "stille språkrevolusjonen" er ikkje eldre enn vel 25 år gammal og er altfor lite påakta. Fylgjene av han er nemleg at alle norske skuleelevar i dag i prinsippet er tospråklege, jamvel om dei er sikrast i bokmål. Når me i dag skal leggja fram målstatistikkar, bør me støtt koma i hug dette rammeverket kring tala våre og ta dei atterhalda som trengst ut frå det.
Målkløyvinga er altså rimeleg godt innarbeidd 110 år etter jamstellingsvedtaket, men slett ikkje stilleståande. Vekselstraumen mellom skriftmåla og folkeflyttinga er omtrent uråd å måla heilt nøyaktig, heller ikkje professor Henry Valen makta det i sine valanalysar frå 1980- åra. Dei sikraste tala for målstoda i Noreg har me nok for grunnskulen og kommunane våre. Tidvis vert det òg offentleggjort statistikkar for målfordelinga i bøker og blad, offentlege dokument og radio og fjernsyn, kor mange nynorskrekruttar det finst i Forsvaret, og målbruken i liturgi og kyrkjesokner.
I dette vesle oversynet vert det ikkje rom for å gå i djupna på alle desse områda, heller ikkje er det lett å skaffa fram pålitelege tal for ein lengre tidbolk. Grundigast er nok målstoda dokumentert i boka Riksspråk og folkemål (1966) av professor Einar Haugen. Målbruken i offentleg teneste er best kartlagd i samband med den nye mållova frå 1981 og dei stortingsmeldingane som har kome fjerdekvart år i tida etterpå, medan Statistisk sentralbyrå har teke seg av skulemålsstatistikkane.
I samband med 100-årsjubileet for måljamstellinga skreiv sosialøkonomen Asbjørn Torvanger ein stutt artikkel i tidsskriftet Syn og Segn nr. 4/1985 der han freista å rekna ut kor mange nynorskbrukarar det fanst den gongen. Han brukte då allmenne demografiske utrekningsmåtar og prinsipp, og kom fram til talet 850 000 personar, eller 20,5 prosent av heile folket. No har ikkje målstoda endra seg noko særleg sidan då, så talet har iallfall ikkje minka dramatisk, jamvel om "topp-årgangane" no nærmar seg pensjonsalderen. Både skulemålsprosenten (kring 17 prosent) og talet på nynorskkommunar (115) har vore rimeleg stabile i heile perioden. I røynda har det skjedd lite avgjerande på denne fronten dei siste 20 åra, noko tabellane òg viser. Skulesentraliseringa i 1950-åra og kommunesamanslåingane på 1960-talet var nok dei siste store samfunnsomveltingane som fekk beinveges fylgjer for målutviklinga. I tillegg kjem visse regionaliseringstendensar og utjamningar i grenseområda mellom bokmål og nynorsk.
I samband med Ivar Aasen-året har talet 500 000 vorte lansert, venteleg utan at det ligg noka grundig vitskapleg utrekning bak. Eit tal som svagar ein stad mellom 500 000 og 850 000 skulle vel då vera tilnærma rett. Den allmenne nynorskprosenten i samfunnet ligg såleis og flyt ein plass mellom 10 og 20 prosent, kanskje nærmare 15 prosent jamt over. Dei samiske minoritetane og dei ulike innvandrargruppene i nyare tid er då ikkje medrekna i totalsummen.
Målgranskinga som Gallup gjorde for Norsk språkråd om formene Noreg/Norge i nynorsk, synte at 7,4 prosent av dei spurde nytta berre nynorsk i private samanhengar, medan 5 prosent skreiv både bokmål og nynorsk om einannan. Slik tilfanget ser ut, og slik utspørjinga er gjord, er det rimeleg å rekna med at denne sistnemnde gruppa er nynorskbrukarar som held til i bokmålsdistrikta. Det samanlagde talet blir då 12,4 prosent, eller vel 1/2 million innbyggjarar, og det ligg nær liknande resultat frå tidlegare lause målgranskingar. Altså er målstoda temmeleg stabil, det er den mest rimelege tolkinga av denne spørjeundersøkinga. Men denne viktige åtgåinga har ikkje media fått med seg i det heile.
Tala frå rekruttstatistikkane og læreboksalet i den vidaregåande skulen svingar ein stad kring 10 prosent. Begge desse områda er vanskelege "språknålaugo" for nynorskbrukarane, og lyt såleis tolkast som absolutte minimumstal. Tala her fortel like mykje om kor mange som orkar å masa og stå på for å få innfridd rettane sine. Dei skulle då visa ein del av den avskalinga som skjer på nynorsksida på grunn av språkpresset og mindretalsstoda.
Endå klårare vert dette om me ser på nynorskbruken elles i samfunnet, noko som sjølvsagt har innverknad på kor stor brukarmengda vert. I presse og biletmedia står målet særs svakt i høve til folkegrunnlaget, særleg i alle private tiltak. NRK kjem her klårt best ut, trass i ein viss nedgang dei siste åra. Etter at fleirtalet i Stortinget i 1970 bad om minst 25 prosent i radio- og fjernsynssendingane, har nynorskdelen svinga ein stad mellom 14 og 20 prosent. For dei private kanalane og i filmverda er stoda trøysteslaus, særleg på tekstsida. Noko likare er det i pressa, men nynorsken er framleis tilsidesett i storavisene, fortel ei gransking som Kringkastingsringen gjorde i fjor. Nynorskprosenten låg der på 13 i 1995 for dei avisene som svara, men er truleg nærmare 10 etter Kringkastingsringens meining. Etter å ha lege nokså stabilt på 10–11 prosent i etterkrigsåra har talet på utgjevne nynorske bøker heller ikkje peika oppover dei siste åra. Det Norske Samlaget har slått alarm om dette på fleire av dei siste årsmøta sine. Frislepp av marknadskreftene på bokutgjevarsida kan såleis gje nynorsken stygge ulivssår.
Mest gledeleg dei siste åra har faktisk utviklinga i statsadministrasjonen vore. Der nådde nynorsken ein prosentdel på 17 i talet på stortingsdokument og 12,7 i sidetal i 1993. Året etter var dei tilsvarande tala 23,2 og 11. Jamvel om det er langt att til målsetjinga om 25 prosent, så er dette ei gladmelding sett med nynorskaugo. I meir enn 50 år har desse tala nemleg lege på promillestadiet, trass i at den fyrste mållova vart vedteken alt i 1930.
Mishøvet mellom storleiken på den nynorske folkegruppa og den samla nynorske tekstmengda er altså framleis berrsynt på viktige samfunnsområde. Ei trøyst kan det då vera at det står betre til på det feltet som har med språkleg kvalitet og uttrykksrikdom å gjera, jamvel om mindretalsstoda òg påverkar den nynorske målføringa og dreg henne i bokmålslei.
Me kan likevel slå fast at brukarane er langt fleire enn då A. O. Vinje tok til å gje ut Dølen på eigen kostnad i 1858, og det på eit skriftmål som ingen før hadde sett. Marknadstenkjarane ville sikkert ha vendt tommelen ned for Vinjes dristige tiltak, medan det er ei grov forsøming å oversjå ei målgruppe på mellom 500 000 og 850 000 menneske.
Kjelder:
Gramstad, Sigve og Lilleholt, Kåre: Lov om målbruk i offentleg teneste. Oslo 1983.
Haugen, Einar: Riksspråk og folkemål. Oslo 1966.
Hovdan, Peder: Eit norsk Noreg. Oslo 1947.
Innstilling om språksaken (Vogtkomiteen). Oslo 1966.
Mørk, Vidar: Hjartespråk og skriftmål. Oslo 1983.
Noregs Mållag: Årsmeldingar 1960–1994.
Norsk språkråd: Årsmeldingar 1972-1994.
Statistisk årbok 1930–1995.
Statskalenderen. Oslo 1995.
Stortingsmelding nr. 15 (1968–69) om språksaka. Oslo 1968.
Torp, Arne og Vikør, Lars S.: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo 1993.
Torvanger, Asbjørn: Nynorsk gjennom femti år. Syn og Segn nr. 4/1985. Oslo 1985.
TABELL OVER MÅLVALET I KOMMUNANE
År Bokmål Nynorsk Nøytrale
1934 232 257 258
1940 210 275 262
1950 203 290 250
1961 198 273 260
1982* 169 113 172
1985 179 114 161
1989 182 114 158
1995 164 115 156
* Kommunesamanslåinga i 1960-åra førde til at talet på kommunar gjekk drastisk ned frå 1964 og utetter. Dette gjekk særleg hardt ut over utkantkommunane, der mange hadde nynorsk styringsmål. Stoda stabiliserte seg midt i 1970-åra.
Elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen. I prosent. Utviklinga for nynorsk skulemål (grunnskulen) samla i prosent 1930–1994
Av Sigrun Høgetveit Berg
Staden er Jernbanetorget fredag 5. januar. Tidlegare på dagen har kulturministeren slått fast at staten må taka meir ansvar for det jamstilte språksamfunnet me skal ha, men som me i realiteten ikkje har. Bokmonumentet som skal stå heile Ivar Aasen-året 1996, er nett avduka. Mange forbipasserande undrar seg på kva dette er – så også ein ung svenske på vitjing i grannelandet.
– Me skal feire Ivar Aasen i år. Veit du kven han var, spør eg. Nei, det visste han ikkje.
– Men du veit at me har to språk her i Noreg – nynorsk og bokmål? Ja, det visste han. Og eg forklara. Om Aasen sine språksamlarferder over heile landet, om korleis han sette saman eit nytt skriftspråk, om korleis han ville gje folk eit språk som var deira, i byte med dansken, som hadde rådd i fleire hundre år. Den unge svensken lydde, og braut ut, i eit beundrande smil:
– Vad fräckt!
Og svensken ville veta meir om denne mannen.
Men det var han – og han var svensk. Og nysgjerrig. Han hadde lite kunnskap om norsk språkstode frå før – og såleis lite sympatiar eller antipatiar den eine eller den andre vegen. Men ikkje alle er som han. Kva verdi har eigentleg Ivar Aasen for ungdom i Noreg i dag – kva veit me om han?
– Det er tynt, svært tynt, svarar Truls frå Stavanger, og greier ikkje mobilisere seg sjølv til engasjement for eller mot Aasen. Men for mange er Aasen sjølvsagt personifiseringa av nynorsken – og då kjem meiningane fram. Han er opphavet til elendet – eller til dette herlege språket som nokre av oss beint fram faktisk kan finne på å seia at me elskar.
Likevel – noko veit me om han. I alle fall veit nokon meir enn andre om han. "Nynorskens far" er ein gjengangar når ein ber om Aasen-karakteristikkar. Og av dei som veit ein god del meir enn dette, er Frank frå Tromsø. Då han gjekk på gymnaset, fekk han augo opp for Aasen, og skreiv om han i særoppgåva i norsk i 3. klasse. Han vart beint ut bergteken av mannen. Dess meir han las, dess meir vart han imponert over metodane til Aasen. Tenk alt han lærde seg sjølv – tenk på det geniale arbeidet han gjorde – for 150 år sidan! Frank visste "alt" om språkmannen Ivar Aasen då han gjekk ut av gymnaset. (Og fekk 6 i norsk munnleg.) No veit han litt mindre, men han påstår framleis at Aasen er vel verd eit studium.
Ei anna som veit litt meir enn andre om Aasen, er Ingunn frå Trøndelag. Ho er ein glad nynorskbrukar, men når det gjeld Aasen, er ho mest oppteken av diktargjerninga hans. Mange anar ikkje kva for ein stor lyrikar Aasen var, og kanskje spesielt lite anar me unge. Aasen var ein av dei store leverandørane til den felles songskatten vår – mange av våre mest folkekjære songar er signert han. Men me syng no så lite òg, no for tida – difor anar me nok ekstra lite om dette. Det er berre å konstatere at Åsne på 10 år frå Vinje kan "Absolute Music 15" på rams, men truleg ikkje heng med lenger enn dei tre fyrste linene i "Mellom bakkar og berg".
Biletet vårt av Aasen er ein gamal, grå, litt lutrygga kar – ja, han var vel faktisk gamal heile livet, han! Sær var han nok òg. Turr type, lite spennande, stygg til og med, trur Nina frå Ål, som har nordisk mellomfag. Når me har eit slikt bilete av Ivar Aasen – påverkar det synet vårt på nynorsk?
– Ja, seier Nina. – Han høver i hop med dei orda ein del vil bruke til å karakterisere nynorsk. Han fortener likevel betre. Men om nynorsken blir kul ved å gjera Aasen kul, det veit eg ikkje. Me unge er flinke til å gjennomskode billege poeng, samstundes som interessa for historie gjerne går via personar. Og Aasen er jo ein historisk person, som me sjølvsagt skjønar best om me set oss inn i samtida hans. Verket hans, derimot, det må me setja inn i samtida vår om det skal bli interessant.
Marianne frå Lofoten vil også plassere sin kjennskap til Aasen under språkhistorie, og ikkje språk.
– På gymnaset fekk me innprenta av norsklæraren vår at Aasen også reiste nordpå. Men somme hadde eit noko anstrengt forhold til han - det var dei som gjerne såg at Knud Knudsen hadde vunne, for å seia det slik.
Likevel trur korkje Marianne eller dei andre at Aasen og det arbeidet han gjorde, som dei fleste eigentleg er samde om var ganske flott, er avgjerande for oppfatninga av nynorsk i dag. – Det er nynorsken her og no og i dag me må lære i skulen. Det er det me tek stilling til, det er det me har eit forhold til, seier Marianne.
Altså, me må attende til språket nynorsk i 1996 for å få unge i tale om Aasen og det arbeidet han gjorde. Og kan ein seia noko om unge meiningar i dag, kontra dei som foreldregenerasjonen vår har? Ja, ein kan jo freiste, sjølv om det definitivt blir totalt uvitskapleg.
Kanskje er den største skilnaden at hatet mot nynorsk er på veg ut. Kanskje har det berre vorte slapp motvilje att? Seinast for nokre veker sidan, på leiarplass i den såkalla kulturavisa Dagbladet, vart språkstriden med glede atter ein gong erklært avslutta. Som om det var nokon rikdom? Nei – språkdebatt fører til medvit om språk, som fører til levande språk, som fører til kulturelt mangfald. Og me skal leggje oss orda til sametingspresident Ole Henrik Magga på minnet: "Kulturelt mangfald er like viktig som biologisk mangfald, om denne kloden skal overleva".
Er det noko som kjenneteiknar ungdom på 1990-talet, må det vera sjølvstendet, sjølvmedvitet og individualiteten. Verda blir stadig mindre. Det er meir lov å vera individuell, både i bygd og by, på same tid som me blir meir konforme, for me ser, høyrer og opplever det same gjennom alle dei nye informasjonskanalane. Ungdom i 90-åra er individuelle og like på same tid. Samstundes er me sjølvmedvitne, og ikkje minst kvalitetsmedvitne. Så om ein når gjennom til unge med at språket er viktig også for den individualiteten dei vil utstråle, kan nynorsk få andre kår i framtida. Då nyttar det ikkje å freiste å gravleggje språkdebatten, Dagbladet!
Ungdom har aldri vore så for Aasen som i dag. Aasen var føre si tid med det demokratiske språkprosjektet sitt. Fyrst no kan me taka han heilt på alvor.
Av Kjell Arild Pollestad
I barndomslandet mitt var det lite bakkar og ingen berg, men sjølv på det flate Jæren fekk skulestova like mykje ljos frå Volda som frå Wittenberg. Trudomskjempa Luther frå Eisleben i Sachsen og fråhaldskjempa Kloster frå Bokn i Ryfylke var fyrste og andre personen i ei trieining der målkjempa Ivar Aasen frå Ørsta på Sunnmøre var sjølve anden: Han let oss tala i fedrelandet si gamle tunga. Ibsen var norsk-dansk, Kielland levemann og Garborg fritenkjar; om Aasen si sjel lærte me lite anna enn at ho var einsam og vantreivst i byen. Men målet han skapte, var som ein atterklang av Guds eige mål.
Eg er takksam mot denne trieininga frå folkeskulen, sjølv om eg seinare i livet har svike både lutherdomen, fråhaldsrørsla og målsaka. Det er grenser for kor mange tapte saker ein mann kan gjera til sine; eg har for min del hatt meir enn nok med det katolske. Men dersom eg søkjer gudsord utanom grunnteksten, går eg helst til den gamle nynorske omsetjinga. Der kling det rikast og best – til og med ein innbarka bygut som Hallvard Rieber-Mohn oppdaga det. Aasen si ordbok har fylgt meg heilt sidan gymnasåra, då me hadde moro av å finna dogloser som elles ikkje stod i ordbøker. Eg såg målgranskaren for meg under lampen på ein gisen Oslo-hybel då han med mysande augo bak gulna papirhaugar skreiv til dømes dette: "Rauv f. Bagdeel, Podex. Nogle Steder Rau; ogsaa Røv, og endog Ræv (som har ingen Grund)." Eg tykte dette og endog var kosteleg, og likeins tilleggsmerknaden om at ordet "sædvanlig bruges om hele Gumpen" og difor var "ikke saa ganske anstødeligt". Her skimta eg mannen bak verket, som ikkje berre ville opplysa, men også oppseda.
Ivar Aasen nøgde seg ikkje med målgransking. Han skapte målkunst. På si smålåtne vis var han genial, og som dei fleste slike vart han ståande åleine, "vanvyrd og lite kjend". Han kom kan henda for seint. Dante fekk større lukke med seg, då han på 1300-talet skapte det italienske riksmålet ut frå talemålet i Toscana. Likevel gjeld ikkje dei orda Aasen skreiv om seg sjølv på 40-årsdagen, hans ettermæle:
Paa dine Vegar veks ingen Blom,
fyre deg slær inkje Hjarta!
Kor mange gonger har eg ikkje vakna i innland og utland av at fulle nordmenn song "Millom Bakkar og Berg"? Ivar Aasen lever i sine dikt, og mange er dei diktarar som på hans miskjende mål har gjeve oss dei finaste songar.
Gud glede di sjel, gamle Ivar!
Du gleder framleis vår.
Kjell Venås: Livssoga åt Ivar Aasen. Utgjeven av Ivar Aasen-året 1996. Oslo 1996. 28 s. kr 50.
Dette er ein kortbiografi som gjev eit oversyn over arbeidet og livet til Ivar Aasen. Bak i heftet er det ei kronologisk liste over dei viktigaste verka av og om Ivar Aasen. Heftet høver for dei som er med i lærarkurs og studieringar – og for alle andre interesserte.
Norsk språkråd er ein av mange institusjonar som markerer Ivar Aasen-året 1996. Saman med Det Norske Teatret og Bokklubben Dagens Bok er Språkrådet sponsor for eit bokmonument til ære for Ivar Aasen på Jernbanetorget i Oslo. Det vel tre meter høge monumentet viser tre bøker. Fundamentet er Ivar Aaasens Det norske Folkesprogs Grammatik og Ordbok over det norske Folkesprog. På desse bøkene kviler ein moderne roman.
I 1995 kom det ut fleire bøker om målføre. Vi nemner nokre av dei:
Kristian Strømshaug: Mål i Østfold. (Medredaktørar: Arve Borg og Joleik Øverby.) Norske studiar VIII. Utgjevne av Avdeling for målføregransking, Universitetet i Oslo. Novus forlag, Oslo 1995. 326 s. Kr 295. ISBN 82-7099-249-6
Einar Lundeby: Østfoldmål. Østfold mållag 1995. 104 s. Kr 160. ISBN 82 993615-9- 8
Njål Vere: Listamålet III. Grammatikk, ordbok, stadnamn og folkeminne. Eige forlag 1995. 528 s. (Band I kom i 1992 og band II i 1994.) Kr 300 pr. band, kr 250 dersom ein kjøper fleire.
Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1992. 175 s. Kr 180 (hft.), kr 200 (innb.). ISBN 82-90186-82-7 (hft.). ISBN 82-90186-83-5 (innb.)
Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1994. 328 s. Kr 200 (hft.), kr 250 (innb.). ISBN 82-90186-93-2 (hft.). ISBN 82-90186-94-0 (innb.)
Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1995. 288 s. Kr 200 (hft.), kr 250 (innb.). ISBN 82-7834-002-1
Olaf Almenningen er forskar ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo
Sigrun Høgetveit Berg er student ved Universitetet i Tromsø
Endre Brunstad er høgskulelektor i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund
Tove Bull er professor i nordisk språkvitskap og rektor ved Universitetet i Tromsø
Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim (NTNU)
Jørn Lund er professor og sjefredaktør i Gyldendal Dansk Forlag
Einar Lundeby er professor emeritus i nordisk språkvitskap
Kjell Arild Pollestad er dominikanarpater og katolsk sokneprest i Tønsberg
Arne Torp er førsteamanuensis ved Avdeling for nordisk språk og litteratur, Universitetet i Oslo
Kjell Venås er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo
Vigdis Ystad er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo
Dagfinn Worren er førsteamanuensis ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo
Terje Aarset er førsteamanuensis ved Høgskolen i Volda