|
Akutt aksent er det vanlegaste aksentteiknet i norsk. Vi bruker akutt aksent særleg for å markere at ei staving har sterkt trykk.
Akutt aksent er obligatorisk i nokre personnamn med utanlandsk opphav og i utanlandske geografiske namn for å markere hovudtrykk.
André, Linné, Bogotá, Andalucía
Akutt aksent blir brukt i visse framandord som endar på trykksterk e, for å markere hovudtrykk. I slike tilfelle er ikkje teiknet obligatorisk.
allé, diaré, kafé, idé, entré, komité, kupé, moské, supé, trofé, diskré
Dersom vi bruker akutt aksent i grunnforma av slike ord, kan vi sløyfe han i bøyingsformene av ordet.
allé, alleen, allear/alleer, alleane/alleene
Vi kan bruke aksentteikn for å skilje den ubundne artikkelen ein/en frå talordet éin/ én.
I Noreg bruker vi éin plugg i apparatet. Det var éi jente der.
I inkjekjønn bruker vi ikkje aksent, men ein ekstra t.
Det var berre eitt spørsmål han ikkje greidde å svare på.
Aksentteiknet kan også brukast over store bokstavar.
Éin sjokoladebit til kan du få.
Det skal ikkje vere aksentteikn i ord som desse:
kontroller, plasser (imperativ av kontrollere og plassere), museum, finer, mesen, filet
I nynorsk kan vi bruke akutt aksent ved nokre få heimlege ord.
Vi kan bruke akutt aksent i nynorsk for eksempel i fór (preteritum av fare), til skilnad frå fòr (plogfòr), fôr (kåpefôr, dyrefôr) og for (preposisjon og konjunksjon), men aksenten kan sløyfast overalt. Også i nynorsk lét (preteritum av late), kan vi bruke akutt aksent, til skilnad frå lèt (presens av late), men teiknet kan sløyfast.
|