Nytt design i tjuefjorten
Eller skal vi halde oss til ny design i totusenogfjorten? Vel, siste nytt er at begge delar er rett. Det vedtok Språkrådet kl. 16.00 11.2.2014, eller viss vi skal gå meir teknisk til verks: 16:00 2014-02-11.
AV ERLEND LØNNUM
Språkrådet har fullmakt til å gjere endringar i rettskrivinga, og fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet følgjer språkutviklinga med skarpt blikk. Det vurderer med jamne mellomrom å endre skrivereglane og å fastsetje skrivemåten for nye ord som skal inn i ordbøkene. Dei ferskaste forslaga frå rådet gjeld altså tid og kjønn.
Kjønnsforskjellar
Design har sidan 1969 vore eit hankjønnsord på norsk, men frå no av blir det norske designet like godt som den norske designen. Heretter kan ein altså velje om ein skriv ein eller eit design, slik det allereie er på dansk. Bakgrunnen for endringa er at mange er i tvil om kjønnet på ordet og nesten like ofte vel inkjekjønn som hankjønn.
Endringar i tida
I 1985 stod det i årsmeldinga frå Norsk språkråd: «År 2000 skal skrives år totusen, år 2003 skal skrives totusenogtre, år 2085 skal skrives år totusenogåttifem.» Det har sidan vore mykje diskusjon om dette, for mange brukar tjuefjorten framfor totusenogfjorten osv. Språkrådet jamstiller derfor stavemåten tjuefjorten med totusenogfjorten, den einaste normerte stavemåten til no for årstalet 2014 og tilsvarande årstal. Formene blir òg jamstilte når ein gir råd om uttale og lesemåte.
Eit siste nyhende gjeld klokkeslett og datoar. I firesifra klokkeslett kan ein frå i år bruke punktum (16.00), den offisielle forma til no, eller kolon (16:00), jamfør Norsk Standard. Datoar kan ein skrive anten etter norsk mønster, 11.2.2014, eller etter internasjonal standard, 2014-02-11. I allmennspråket og i laupande tekst bør ein fortsetje å bruke den norske varianten, mens ein ved datateknisk bruk som i kronologisk opplisting står fritt til å følgje det internasjonale oppsettet.
Fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet |
---|
|
-- Erlend Lønnum er rådgjevar i Språkrådet.