Nyheter

Seminar om helsespråk og kunstig intelligens

Onsdag 22. november arrangerte Direktoratet for e-helse eit seminar om helsespråk og kunstig intelligens (KI). Temaa for seminaret var kor me er på veg med kunstig intelligens i helsetenesta, språkmodellprosjektet Klinisk NorBERT og bruk av språkalgoritmar i pasientjournalar.

Menneske og maskinar må snakka saman

Helsesektoren har skjønt at for at KI skal forstå og (etter kvart) generera helsespråk, må me ha språkmodellar som vert trena på nettopp helsespråk.

For at KI skal verka i ein norsk helsefagleg kontekst, treng me altså språkmodellar som tek omsyn til norsk (helse)kultur og norsk (fag)språk. For å leggja grunnlaget for ei slik utvikling byggjer Helse vest ein helsefagleg språkmodell basert på norske journaltekstar der personvernet er teke vare på. I tillegg arbeider Språkbanken saman med Direktoratet for e-helse med eit helsefagleg tekstkorpus.

Det som kjem ut av ein maskin, er berre så godt som det menneska har mata inn. Språket ein brukar i fagtekstar, legg grunnlaget for dei neste språkteknologiske nyvinningane. I botnen ligg eit gjennomarbeidd og eintydig fagspråk. Andre sektorar som ønskjer ein norskbasert KI, kan sjå til helsesektoren.

Seminaret vart avslutta med ei panelsamtale som konkluderte med at det er viktig at me snakkar saman på tvers av fagleg ståstad. Det trengst nasjonal samordning på feltet, og teknologar, språkfolk og helsepersonell må jobbe saman for å finna dei beste løysingane.

Frå venstre: Erlend Hem, leiar i Gruppe for norsk medisinsk fagspråk, Ole Kristian Våge, seniorrådgivar i Direktoratet for e-helse, Kari Nytrøen, avdelingsdirektør i Norsk helsearkiv og Christian Autenried, prosjektleiar, Klinisk NorBERT, Helse vest

Foto: Stine Camilla Bjerkestrand, Direktoratet for e-helse

Kari Nytrøen, avdelingsdirektør i Norsk helsearkiv

Foto: Stine Camilla Bjerkestrand, Direktoratet for e-helse

 

Seminaret var ein del av ei seminarrekkje som Språkrådet arrangerer saman med Direktoratet for e-helse og Gruppe for norsk medisinsk fagspråk. Me har òg oppretta eit helsespråknettverk. Viss du ønskjer å vera med i det, kan du senda ein e-post til Erlend Hem, som er leiar for Gruppe for norsk medisinsk fagspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2023 | Oppdatert:20.12.2023