Festmiddag og kulturell aperitif
Alle konferansedeltakarar er velkomne til kulturell aperitif og festmiddag på Oslos tak torsdag 28. mai 2015.
Bli med på omvising i skulpturparken på Ekeberg med guide og eit glass musserande. Etterpå blir det hyggeleg samver over ein trerettars middag i ærverdige og nyrestaurerte Karlsborg spiseforretning frå 1863.
Omvisinga i parken startar klokka 18:00.
Middagen vert servert klokka 19:30.
Pris for å delta: NOK 625,- inkl. mva.
Slik kjem du deg til Ekebergparken og Karlsborg spiseforretning: Ta trikk 18 eller 19 (mot Ljabru) til stoppestaden Ekebergparken.
Karlsborg spiseforretning frå 1863