Hopp til hovedinnhold

Klarspråksparagrafen

Paragraf 9 i språklova seier at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa».

Språklova, som tok til å gjelde 1. januar 2022, har som føremål å styrkje norsk språk, slik at norsk skal kunna nyttast på alle samfunnsområde. Klarspråksparagrafen kan knytast til det overordna målet med språklova: Skal norsk halde fram med å vera eit fullverdig språk, må kvaliteten på tekstar frå det offentlege vera høg.

Klarspråksarbeid er eit leiaransvar. Om leiarane tek det ansvaret, blir det også lettare for offentlege organ å arbeide langsiktig og systematisk med klarspråk.

Samiske språk

I proposisjonen som følgjer med språklova, står det at føresegna om klarspråk også skal gjelde for samiske språk, ikkje berre norsk. Dette er framheva fordi klarspråksarbeid innanfor samiske språk ikkje er institusjonalisert.

Meir om klarspråksparagrafen og språklova

På språklov.no kan du lesa meir om klarspråksparagrafen og korleis han kan tolkast. Der finst også gode tips om korleis offentlege verksemder kan lykkast med språkarbeidet. Her på klarspråk.no finst det både skriveråd og arbeidsmetodar som alle kan bruke i arbeidet med å etterleva paragrafen.

Les meir om klarspråksparagrafen på språklov.no.
Sjå sjekkliste for godt klarspråksarbeid på språklov.no.
Les språklova på lovdata.no.
Les proposisjonen som følgjer med språklova på regjeringen.no.
Sjå nettseminar om klarspråksparagrafen.

Forvaltningslova

I forslaget til ny forvaltningslov (2019) er det teke inn ein språkparagraf med ei føresegn om klarspråk. Det at klarspråk er innlemma i språklova og føreslått i den nye forvaltningslova, viser at klarspråk har både eit språkpolitisk og eit forvaltningspolitisk «bein».

I NOU-en med forslag til ny forvaltningslov står det mellom anna at språket på mange måtar er det mest grunnleggjande verkemiddelet eit forvaltningsorgan har overfor borgarane. Forvaltningslovutvalet meiner det er viktig for tilliten til forvaltninga at ho brukar eit klart, godt og presist språk.

Les forslaget til ny forvaltningslov på regjeringen.no.